Kjøkkensaka i Kinn

I eit langt liv har eg engasjert meg i mange saker, både store og små. Men eg har aldri før blitt så skuffa og vonbroten over vegringa for å ta ansvar som i kjøkensaka i Kinn. Med det som verkar som berre eit må.! Å hindre kommunestyret i å fatte fornuftige vedtak, i ei heilt enkel sak, til rett tid.

Både Agenda Kaupang- og PWC-rapporten advarte om at Bordgleder sine tal ikkje kunne vere korrekte. Oddgeir Berge Falkevik og Tone Holvik har vist fram galskapen i innlegg i lokalavisene. Dette gjorde dei alt hausten 2021! Men responsen dei fekk var om lag null.

Utan å kjenne til kva dei hadde gjort, tok eg ei 40/60-prosent berekning. Eg enda med same resultat som dei andre to år tidlegare. Bordgleder sine tal kan ikkje brukast! Eg fekk stor respons frå «vanlege folk», som spent venta på svar i avisene. Men svar kom aldri – best å «teie det i hel» slik som sist? Ingen politikarar har meldt si interesse og teke kontakt med meg!

Noverande kommunedirektør har i kommunestyret sagt at han bruker Bordgleder som sin referanse i saka. Eit lite matselskap organisert som eit KF kan aldri konkurrere. Her er alt for mange personar som ikkje deltek i produksjonen, som aukar kostnadane. Ingen ting å rekne på. Legg dei ned!

Eg meiner derfor at Kinn kommunestyre er blitt lurt i kjøkkensaka! Dei har fatta vedtak på vedtak på sviktande grunnlag. Gang på gang er dei blitt feilinformerte, med nye tal. Dei verkar som dei ofte har vore i direkte villfaring om kva som er sant og kva som er usant i denne saka. Partiet Raudt er det einaste partiet som over tid har jobba for å få plass kjøkenet i Måløy igjen. Dei har òg vist at Bordgleder er ei svindyr løysing.

Geir Oldeide ville ha eit eintydig svar då han stilte kommunedirektøren dette spørsmålet i 2023: Når kan kjøkenet i Måløy vere klart for oppstart? Men det kunne ikkje rådmannen svare på då. Men om ønskeleg kunne han rekne på dette – igjen.

Kinn kommune har fått tilbod på montering på plass av ein frysekompressor, for å få det store rommet tilbake igjen som fryserom. Dette må alle kjøken ha uansett. Det er difor ingen ting å vente på. Liten kostnad, og det er gjort på ein par dagar. Kjøkenet er alt oppussa og godkjend av Mattilsynet før det vart nedlagt.

Kommunedirektøren sitt klare svar kunne, òg burde, heller ha vore klinkande klart: «Alle kjøken må sjølvsagt ha eit fryserom. Dette er lovpålagt. Kjøkenet vårt er godkjend av Mattilsynet. Dette er òg lovpålagt. Det er difor ingen grunn til å vente meir. Vi har fått eit tilbod på drygt 100.000 kroner. Det tek eit par dagar å få alt klart. Entreprenøren skal få beskjed om at det må vere klart om ei vekes tid. Så er i alle fall alt klart her».

Kvifor svarar ikkje kommunedirektøren slik den gongen? Fryserommet er no ordna – eg sjekka det 7. mai! Men har administrasjonen sørgd for å få nok folk på plass? Går dei for sju dagar med kok og server, som eit einstemmig eldreråd har vedteke, må dei igjen svinge seg rundt. Og skal kommunestyret ta eit einstemmig eldreråd i Kinn på alvor? Og Fagforbundet i Vågsøy, Vågsøy pensjonistlag og tilsette på Kulatoppen omsorgssenter?

Dette kunne vore gjort for snart eit år sidan.

Men styreleiar i Bordgleder og Kinn-politikar Jacob Nødseth snakkar om alle millionane det vil koste å start opp igjen i Måløy. Han presenterer til og med Venstre sitt eige forslag. Kjøkenet i Måløy bør etablerast på eller ved Kulatoppen! Slå den! Medan han sjølv har jobba for at Bordgleder har fått eige bygg til fleire titals millionar kroner, vil Venstre no flytte kjøkenet til Kulatoppen. Ser de galskapen i ein slik argumentasjon? Av ein som skal vere kommunerepresentant og ikkje representere Bordgleder? Ser de alle kor han møter seg sjølv i døra? Er det rart at mange representantar igjen stiller spørsmål?

Vedtaket var klart på at kjøkenet i Måløy skulle startast opp igjen – med kok/server 5 dagar i veka. Og 2 dagar i helga med kok/kjøl for å spare pengar. Ok så langt. Men at Bordgleder skulle levere dei to dagane er ikkje greitt. Diskusjonen om å legge ned Bordgleder var i full gang. Bordgleder er eit svært så fordyrande ledd.

Men den enkle sanninga er at alle som såg dei unødige kostnadane ved å organisere Bordgleder som KF måtte sjå at dei på ingen måte kunne konkurrere i ein open marknad.

Då eg skreiv mitt innlegg om kva Bordgleder har kosta Kinn kommune så langt – hadde eg ikkje kjennskap til Oddgeir Berge Falkevik og Tone Holvik sine innlegg i lokalavisene som eg viste til tidlegare i dette innlegget.

Tone Holvik sitt innlegg fann eg først den 1. mai i år, sjølv om det var publisert i Fjordenes Tidende 10. november 2021 og Firdaposten 11. november 2021. Tone Holvik nyt stor tillit både i Kinn kommune og i tidlegare Vågsøy kommune. Ho har gjort ein framifrå jobb. På ein enkel og lettforståeleg måte viser ho kor feil utrekningane er. Feil på feil går igjen, og ho viser dette i klartekst.

Den viktigaste og mest korrekte tekniske analysen eg fann, var skrive av Oddgeir Berge Falkevik 15. november 2021 i Fjordenes Tidende og i Firdaposten 16. november 2021. Han gav oss alle svara vi trengde gratis.

Kvifor er dei to ikkje blitt lytta meir til tidlegare? Det tykkjer eg er meir enn underleg.

Så kommunerepresentantar i Kinn: Les desse innlegga som eit pensum for å få slutt på meir unyttige debattar og ta straks nødvendige grep. Vis at de har handlingskompetansen når dei rette tala kjem på bordet.

Her er punktvise strakstiltak som Kinn kommunestyret må gjere:

1. Forlang saka om Borgleder KF på bordet i første møte og legg dei ned. Organiser kjøkenet under omsorg som i Måløy. Dette skulle vore gjort for lengst.

2. Konsekvensane er at styreleiar, leiar i styret og styret og revisjonen ikkje har oppgåver lenger. Dei tilsette på golvet får sjølvsagt dei same rettane som dei fekk i Måløy. Her er det viktig å vere formelle.

Sats på Matvarehuset i Bergen og prøv dei. Kinn kommune sparer mange millionar ved å gjere dette. Og om naudsynt, kan det innkjøpte bygget seljast, med alt inventar. NB! Vi har kokkar som kan hjelpe til om det trengs i ein periode.

Eg sluttar her for denne gangen. Men der er dessverre meir «rusk i maskineriet» til Kinn kommune.

Svar frå Jacob Nødseth

Fjordenes Tidende og Firdaposten har framlagt lesarbrevet for Jacob Nødseth med tanke på eit tilsvar, og Nødseth svarar slik:

«Både kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen, dagleg leiar Halvor Halvorsen og styret i Bordgleder - understøtta av eksterne analyser - har levert sakleg etterprøvbare argument, i møte etter møte, månad for månad, år etter år, munnleg og skriftleg, om kvalitet og økonomi.

Dei som vil lese våre argument kan lese gjennom den omfattande dokumentasjonen og faktum som er lagt fram over tid.

Eg må berre konstatere at Kråkenes ikkje er interessert i anna enn påstander som byggjer opp under hans eige verdsbilete. Det kan eg ikkje gjere noko med. Den tidlegare britiske statsministeren Benjamin Disraeli sa det godt: «Eg er forplikta til å levere mine motstandarar argument, men ikkje forstand.»

Saksoversikt:

Den såkalla kjøkkensaka har vore dekt i Fjordenes Tidende frå hausten 2020 og utover. Under har vi lenka inn fleire av sakene som er laga og debattinnlegg som har vore publisert om nedlegging og gjenoppretting av kjøkkenet i Måløy, Bordgleder og matservering i Kinn kommune: