Fredag kveld tok fem venstrepolitikarar turen til folkemøtet om Bryggja omsorgssenter, som er foreslått lagt ned i kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett for Stad i 2023. Vi kom for å lytte, og for å sjå saka frå bygda si side.

Takk til initiativtakarane, som var godt førebudde. Salen var full av engasjerte bryggjaværingar. Vi folkevalde vart utfordra av fleire argument, som vi tok med oss vidare til Stad Venstre gruppemøte søndag kveld. Eg vil òg takke vår representant Kristianne Nore frå Bryggja i sær, for å tidleg løfte saka i gruppa. Ho er eit godt døme på kor mykje det har å si å vere involvert i lokalpolitikken. Hennar faglege kompetanse er gull verd for oss.

Når vi som folkevalde står i ein krevjande budsjetthandsaming, er det naudsynt å kome i hug det viktigaste økonomiske målet vi har sett for Stad kommune: folketalsvekst. Bryggja kan syne til fleire gode private utbyggingar av nye bustader, som har gjeve tilflytting. Dei ventar utolmodig på eit nytt kommunalt bustadfelt, for å kunne ta i mot enda fleire innbyggjarar og familiar.

Bryggjaværingane tok kampen for å bli ein meir sentral del av Stad kommune, enn det dei så føre seg i deira tidlegare kommune. Dei ynskjer å ha status som lokalt senter på lik linje med Selje og Leikanger, i staden for å vere lokalt knutepunkt. Eg støttar dei på det, og vil oppmode andre til å gjere det same. Ein skal ikkje undervurdere verdien av ei bygd som jobbar godt for framtida til heimplassen, og nærleik mellom generasjonane i kvardagen.

Det er usikre tider økonomisk, men vi må ta omsyn til at dette handlar om menneske som bur på omsorgssenteret og deira pårørande. Difor er det eit poeng å kunne gjere justeringar i planar og strategiar. Vi er ikkje overtydde om at omsorgssenteret skal leggjast ned, på det grunnlaget vi har sett no. Stad Venstre jobbar med å få budsjettet til å gå i hop, for vidare drift og bruk av Bryggja omsorgssenter. Vi er opne for løysingar frå dei andre partia, og håpar det er råd å bli samde. Om vi lukkast i lag vil tida vise.