Beredskap er definert som etablerte system for å handtere uønskte ulukker og hendingar.

Utrykkingsleiarane ved brannstasjonen på Nordfjordeid har slått alarm om beredskapen. I eit brev til Stad kommune skriv dei at dei manglar så mykje øving og ressursar at det ikkje berre går ut over beredskapen, men at dei også fryktar for eigen tryggleik:

– Slik det er no er det med ei ekkel kjensle i magen vi køyrer frå familiane heime for å gå i innsats med brannvesenet. Det å risikere å vere ansvarleg dersom sivile eller kollegaer skulle bli alvorleg skada eller døy, er ei tung bør å bere, skriv utrykkingsleiarane til kommuneleiinga i Stad.

Når dei som er ansvarlege for å leie brann- og redningsmannskapet under innsats skriv dette, er det all grunn til å ta det på høgste alvor. Her har dei fire utrykkingsleiarane varsla til sin arbeidsgjevar, i dette tilfellet kommunedirektør med kopi til Stad kommunestyre, om alvorlege avvik som dei meiner kan gå utover liv og helse.

Brevet var referatsak under kommunestyremøtet 27. oktober. Kommunedirektøren viste då til at Stad kommune hadde gode varslingsrutinar og at «vi har ein kultur i kommunen for at vi tar ting internt først, og vi har klare system for korleis ein skal melde ifrå om ting som ein meiner ikkje er forsvarleg».

Ifølgje Arbeidsmiljølova har arbeidstakarar rett til å varsle om kritikkverdige forhold, som til dømes fare for liv eller helse. Når ein les litt lenger ned i lovteksten står det at arbeidstakar kan varsle eksternt dersom varselet gjeld kritikkverdige forhold som har allmenn interesse.

Arbeidsmiljølova § 2A-3 seier at når det er varsla om kritikkverdige forhold i verksemda, skal arbeidsgjevar sørge for at varselet innan rimeleg tid blir tilstrekkeleg undersøkt. Arbeidsgjevar har ei aktivitetsplikt. Her må Stad kommune gjere ei grundig kartlegging av situasjonen, og det hastar. Det handlar trass alt om beredskap, tryggleik, liv og helse.