Det er igjen skapt uvisse om framtida til Stad skipstunnel. Denne gongen er det SV som vil stoppe tunnelen gjennom Stadhalvøya.

Som lokalavis ser vi korleis planane om verdas første skipstunnel er med på gje liv til nye prosjekt. Stad skipstunnel er allereie før han er bygd blitt ein akselerator til innovasjon, kreativitet, utvikling og samlande samarbeid i regionen.

Skipstunnelen er med på å gje framtidstru, optimisme og vilje til å satse i heile regionen, men det er ikkje alle som deler dette synet.

Ei litt større avis enn oss har på leiarplass skrive at tunnelen ikkje bør sjå dagens lys. Stad skipstunnel er til no kanskje mest kjent for alle hindringane prosjektet har møtt på sin veg.

Vi opplever at dei som sit i det som blir kalla sentrale strøk, som ikkje kjenner distriktet, berre ser skipstunnelen som eit sløseprosjekt. No er det SV som vil kutte løyvingane til skipstunnelen for neste år i sitt framlegg til statsbudsjett.

Nokre gongar er det meir kostbart å stoppe opp enn å halde fram. Det er ikkje alt som er like enkelt å måle i kroner, men ein stopp i eit prosjekt som er godt i gong kan få store konsekvensar for dei som har lagt, og dei som har planar om å legge, ressursar i prosjektet. Ein kan berre tenke seg all verdiskapinga samfunnet vil gå glipp av om ein ikkje held oppe framdrifta med Stad skipstunnel.

Det er fleire som ser nye moglegheiter opne seg med ei opning gjennom Stadhalvøya. Ein skipstunnel er med å legge til rette for meir godstrafikk frå veg til sjø og hurtigbåtsamband mellom Ålesund og Bergen. Sjølv om fylkeskommunane på Nord-Vestlandet har fått kalde føter, har eit samla næringsliv tru på at å reise sjøvegen er framtida, både med tanke på miljøomsyn og effektivitet.

Stad skipstunnel er ikkje berre eit samferdselsprosjekt, det er også eit stort samfunnsprosjekt som vil gagne heile nasjonen. Det håpar vi at også SV ser når dei skal forhandle med regjeringa om neste års statsbudsjett. I ein budsjettprosess gjeld det å sjå det store bildet, og då også ta med alle dei positive ringverknadane frå skipstunnelen i reknestykket.

Vi har ikkje råd til å stoppe opp no!