Leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 20. oktober.

Spennande at rivalar finn saman

Fotball engasjerer og interesserer mange, både internasjonalt, nasjonalt og ikkje minst lokalt. Denne veka kunne Fjordenes Tidende fortelje at dei to fotballrivalane Tornado Måløy og Skavøypoll Fotball snakkar om å samarbeide. Dei to laga har i fleire år kjempa om å vere best i Vågsøy. No kan dei beste og mest talentfulle seniorspelarane bli samla på eitt lag. Dette er absolutt ein spennande tanke. Utfordringa kan bli at det lokale engasjementet og støtta kan bli utvatna når laget ikkje blir så nær lengre. Og ikkje minst går publikum glipp av lokaloppgjer der det handlar vel så mykje om ære som om tre poeng.

Det er ikkje så mange år sidan det var tre lokale klubbar i Vågsøy kommune som kriga om å vere best. Då dei tradisjonsrike klubbane Tornado og Måløy slo seg saman i 2013 sidan var målet å samle dei beste spelarane for å byggje eit lag som kunne hevde seg på eit høgare nivå i divisjonssystemet. Dei siste åra har både TMFK og Skavøypoll kniva i lågare divisjonar. På same måten som kommunar slår seg saman, så skjer det strukturendringar også på andre nivå som i idretten.

Men det er ingen automatikk i at samanslåing betyr klatring i divisjonane. Det trengst eldsjeler, engasjerte pådrivarar, trenarar og leiarar som jobbar langsiktig og målretta. Ikkje minst må ein sikre ei god rekruttering og breitt engasjement. Ein må også ha tilgang til dyktige spelarar som vil satse og som bur i regionen. Skal ein ha med spelarar etter vidaregåande så må dei ha jobb eller moglegheiter for å studere. Og det er vel nettopp slike utfordringar som tvingar klubbane til å tenke på samarbeid. Utfordringa med eitt lag er at færre får spele på førstelaget. Gevinsten er at dei beste har større sjanse for å avansere. Det er positivt at klubbane snakkar i lag og vi ynskjer dei lukke til.