Vegen ut av uføret

På fylkestinget i juni fekk Raudt vedteke ei oppmoding til regjering og Storting om ei sentral storsatsing på fylkesvegnettet. Bakgrunnen er at dei økonomiske tilbakeføringane frå staten si side er totalt utilstrekkelege. Dette fekk vi til, trass i at Raudt-gruppa er berre 2 av 65 representantar.

Frå Raudt si side er det ikkje snakk om at kvar einaste fylkesveg-meter skal ha gul midtstripe og breidde/standard som sløsar med matjord og andre grøne areal. Frå vår side gjeld det å få økonomi til å gjere noko med det gigantiske etterslepet når det gjeld nødvendig standard, sikkerheit mot ras/skred, tunellstandard, siktlengde m.m.

Staten skubba i 2010 ansvaret for ein større del av vegnettet overpå fylkeskommunane. Det var smart; for no blir distrikta, kommunane og bygdene sin harme over vegstandard, retta mot fylkespolitikarar som er prisgitt dei mangelfulle økonomiske tilbakeføringane frå staten.

Det er derfor skuffande at Raudt ikkje fekk fylkestinget med på å få vurdert ansvaret for nokre prioriterte vegstrekningar tilbakeført til staten. Forslaget vårt fekk berre tre røyster; trass i at det her kunne vere snakk om strekningar der staten har økonomi til det og sjølv burde ha ansvaret.

Parallellt med at fylkestinget på denne måten fritek staten, har det i den fylkeskommunale utgreiinga om regional transportplan, blitt teke til orde for å overføre veg-ansvar frå fylkeskommunen til kommunane. Det er ein parallell til det vi kritiserer staten for, når staten skubbar sitt ansvar overpå fylkeskommunane. Raudt ser at Gloppen kommune tok til motmæle mot den fylkeskommunale ansvarsfråskriving og håpar fleire kommunar er vakne.

Elles konstaterer Raudt manglande vilje til å støtte våre forslag mot bompengefinansiering og samfinansisering (det siste berre eit finare ord). Raudt meiner at også vegbygging og vegutbetring er offentlege oppgåver som skal finansierast gjennom skattar, der dei rike skal betale mest. Dei låge stemmetala Raudt fekk på sitt forslag mot sam- og bompengefinansiering, tyder på at både utbetring av farlege punkt på Fv 615 Sandane-Storbru og på Fv55 Vadheim-Innlandet grense, og bru over Esefjorden, blir sosialt urettferdig. Så lenge staten ikkje betalar ein større del av fylkesveg-satsinga, blir slike viktige prosjekt skubba ut i tid. Slik vil ikkje Raudt ha det.  Vi må ut av uføret. Dei rike må betale! Fleirtalet i dette landet har nok med straumprisane, auka drivstoffkostnader og renteauken.