(Du les no ein leiarartikkel som uttrykker Fjordenes Tidende si meining).
Vi set nok ekstra pris på våren i år. No kan vi saman puste inn vårlufta, i staden for å gjere det kvar for oss. Det er mange vårteikn rundt oss som minner oss om at det er vår og gjev oss den gode vårkjensla. Eit av vårteikna som sprett fram er russen. Glad ungdom kledd i raudt, blått eller svart. Dette er eit vårteikn vi verkeleg skal sette pris på, i alle fall i år.
Russen i 2020 og 2021 fekk mykje av russefeiringa si avlyst og sterkt redusert på grunna av korona. Der og då var det nok nødvendige tiltak for å hindre og forsinke smitten av korona i samfunnet. Likevel må det seiast at det var eit ekstra stort bidrag frå barn og unge den tida då dei sette all sosial aktivitet på vent.
Støtte frå privatpersonar, bedrifter og 238 turar til Kletten førte til 140.000 til kreftssaka
Vi unner all russ ei god og velfortent feiring av at dei er ferdig med skuleløpet. Det er mange måtar å markere russetida på. Vi har sett at russen både har laga til revy og hatt innsamlingsaksjonar til gode formål. Russetida kan vere ein viktig del av livet, og noko ein stort sett berre opplever éin gong. Det gjeld difor å bruke russetida godt.
Ikkje alle former for russefeiring er like positivt. Nokre stader har det har vore tradisjon at ein som russ skal jage spesielle grupper og enkeltpersonar. Dette kan virke som uskuldig moro, men det er ikkje alltid like moro for dei som blir jaga. Russen har nokre stader laga svartelister der det står nedskrive kven som russen skal jakte på og plage. Vi håpar det blir ei russetid utan desse svartelistene og russeknutane som kan vere til skade for andre.
Ekskludering og svartelister har nok vore ein del av russefeiringa i mange år, men det finnast så mykje anna positivt å bruke russetida på. Dette er velmeinte råd frå ein gammal russ frå 1995. Vi håpar at russen 2022 får ei best mogleg russetid, både for seg sjølv og alle andre. Bruk russetida til å inkludere og spreie glede!