Dette lesarinnlegget er skrive av Bent Are Iversen, Naustdal.

Smalhans kan det bli, viss Vågsøy skal skilje seg.

Det er i alle fall slik eg tolkar den ferske konsulentrapporten om kommunedeling. Ja, så absolutt vil fridom ha nokre fordelar. Men ulempene vil vere mange, eller rettare sagt dyre.

For, som dei fleste skilsmisser, vil også denne komme med økonomiske laster det kan ta svært lang tid å riste av seg. Flora skal saktens klare seg, fordi det er Vågsøy som vil lide mest for fridomen, seier rapporten. Vågsøy står altså framfor eit vanskeleg vegval. Men er det verkeleg slik at det berre er to vegar for Vågsøy? Altså full skilsmisse eller heilt Status Quo? Og då snakkar eg ikkje om endå ein skandalekonsert.

Det finst nemleg ein tredje veg: Å melde overgang til Stad slik Bryggja gjorde. No har eg ikkje følgt debatten inngåande, men eg undrast likevel over at dette alternativet ikkje er meir omsnakka og greidd ut. Med prislappar, fordelar og ulemper på det eine kontra det andre.

Ein kan jo i det minste ta ein telefon til bryggjarane og høyre om dei er meir ulykkelege no enn før. Då eg vaks opp på Raudeberg, hadde eg knapt høyrt om Florø. Og i alle fall aldri vore der. Det kunne like gjerne ha lege i Florida. Det var rett og slett ikkje ein stad eg hadde nokon relasjon til.

Selje såg eg derimot frå stoveglaset. Bryggja, Hjelmelandsdalen og Eid var kjende stadar som eg vitja mange gongar.

Årsaka var at Vågsøy i stor grad retta seg «inn i fjorden». Og slik er det nok mykje framleis. Til dømes til dømes når ein har vondt ein stad og legekontoret i Måløy er stengt. Grunnen er kommunikasjonar. Kjekt med båtruter altså, men det er no ein gong slik at Bilen er det føretrekte transportmiddelet her til lands. Måløy–Eid er tre kvarter. Går det bilveg frå Måløy til Florø?

Ja, men berre så vidt. Er det politisk vilje til å gjere noko med den vegen? Ja, men berre så vidt. Og det er dette som er poenget mitt: Enn så lenge er det framleis Ytre Nordfjord som er den naturlege bu- og arbeidsregionen, som det heiter på fint. Då må ein i alle fall vurdere om Riksveg 15 kan vere den gylne middelvegen. På Eid har dei alle systema på plass. Dei fungerer til og med ganske bra. Ifølge Kostra hadde Stad 4,3 prosent overskot i fjor, og eit økonomisk handlingsrom på 17 prosent av driftsinntektene. Kinn gjorde det heller ikkje så verst, med 2,1 prosent overskot og handlingsrom på 4 prosent.

Skal Vågsøy bli single, må ein i alle fall ha skikkeleg dyktige folk på plass som kan hindre at desse tala går heilt i dørken, slik konsulentane spår om. No meiner eg ikkje at det einaste rette er å sende Vågsøyna rett i armane på Gunnar Silden, viss ein absolutt skal skiljast frå Ola Teigen.

Men i valet mellom tre vondlar, så kan det hende at partnarbyte gjer mindre vondt enn skilsmisse. Ikkje minst vil det truleg bli betydeleg billigare. Då bør ein i det minste ta ein deit og sjå om det er tenning.