Legesenteret i ytre Bremanger

Så må vi igjen starte kampen for tilværet.

No har vi mista ambulansen, og vi er tilbake til å måtte reise over Frøysjøen i all slags vêr, og no vil de altså legge ned helsesenteret vårt. Då lurer vi berre på: Kva blir det neste?

Ja, sjølvsagt skjøner vi at det kan vere utfordringar med to legesenter i ein kommune, men då vi få be om forståing for at vi bur i ein spesiell geografisk kommune.

Vi har to legesenter, men kvar er det med flest einingar samla under eitt tak?

Så vidt vi kjenner til er der to legar og helsestasjon i Svelgen. Her i ytre har vi to legar, helsestasjon, fysioterapeut, ergoterapeut, miljøterapeut og fotpleie. Og så høyrer vi at det er eit det for lite fagmiljø her i ytre. Det er vel heller ikkje den store «tingen» med dagens teknologi.

Kva om vi snur litt på det? Det har lenge vore søkt etter ein femte lege stasjonert i Svelgen. Kanskje ein kunne prøve å søke etter ein med stasjonering på Hauge i ytre Bremanger?

Det er vel ikkje så langt ifrå at det bur nesten like mange i ytre som i indre delar av kommunen, og det er vel cirka like langt å reise frå indre til ytre som omvendt?

Og kva med transportkostnadane? Skal vi måtte reise lange vegar for den minste ting? Ingen tenker på tidsbruken for folk som er i jobb og har små born!

No ligg kommunesenteret i Svelgen, men det er vel ingen grunn til at vi ikkje kan dele på «goda»!

Vi veit at dei to legane som er stasjonert i Bremanger aldri flyttar til Svelgen. Og om vi mistar dei, trur vi at her er mange som vil søke fastlege i Florø eller Måløy. Det er for mange lettare å komme til lege der grunna kommunikasjon. Då kan situasjonen bli at det ikkje vil vere nok pasientar til å få nok legar frå kommunen vår i legevaktsamarbeidet.

Så i staden for å få fleire legar, endar vi opp med færre, om legesenteret vårt her i ytre forsvinn.

Det blir heile tida snakka varmt om bulyst. Kor mange unge vil flytte hit eller heim, når den eine viktige tingen etter den andre forsvinn? Vi trur ingen!

Tvert om blir det nok fleire som flyttar vekk frå bygdene våre.

Vi har framleis skular og barnehagar, men skal det halde fram sånn, kan vi vel snart gløyme det òg. Når ingen, spesielt unge, ikkje vil bu her, er det nok ei grense for kor lenge vi har det.

Vi er mange eldre og med kroniske plager. Vi vil gjerne halde fram med å føle oss trygge.

Vi har òg ein sjukeheim. Det er vel den sikraste institusjonen vi har. Men vi berre spør: Kor lenge må dei gamle og sjuke vente på hjelp viss legane våre sluttar?

Vi her i ytre skjøner i alle fall at nærleik til tenestene er viktig!

No vil vi berre på det sterkaste be om at vi i ytre delar av kommunen òg blir høyrt!