Til ordfører og Kinn kommunestyre

Den siste veka har det vore fleire oppslag i media om barnehagesituasjonen i kommunen vår, både i Florø og Måløy.

Det er viktig at kommunen kan tilby gode tenester. For ein kommune som ønsker vekst, er det avgjerande at vi som kommune kan gi eit godt barnehagetilbod. For foreldre er det avgjerande å kunne vere trygg på at barna har det godt i barnehagen, og ikkje minst at dei er trygge der.

Kan ordførar gje svar på korleis ein sikrar uteområdet i Holvik barnehage og kva som må til for at barnehagen vert godkjent?

I 2021 vart det heldigvis født fleire barn enn forventa i Kinn. No er vi i ein situasjon vi har vore i tidlegare, vi treng fleire barnehageplassar. Kva skal til for at vi kan gje fleire tilbod om barnehageplassar? Kvar er det mogleg å opprette fleire plassar, og er det nødvendig å opne ei midlertidig barnehageavdeling? Kva skjer når vi skal legge ned Dalevegen, Nyheimsvegen og gjere Nepjarhaugen om til ein fireavdelingsbarnehage?

Skal Holvik barnehage vere ein tre- eller fireavdelingsbarnehage?

Forrige gong vi hadde for få plassar i barnehagane i Flora, fekk vi ei femte avdeling i Storevatnet barnehage, Havreneset barnehage og i Krokane barnehage. Det vart utnytta plassen der det var mogleg. Korleis kan vi løyse dette no? For foreldre er det krevjande å stå utan barnehageplass i fleire månader.

Skal vi være attraktive må vi som kommune finne løysingar for verkelege problem for vanlege folk. Det er ikkje alle som har familie som kan stille opp som barnepassar.

Behovet for arbeidskraft er og stor, bedriftene treng å få tilbake foreldre frå permisjon. Dermed vert det ein vinn- vinn situasjon å få på plass barnehageplassar.