Skipstunnel til nytte eller plage

Ved bygginga av Lærdalstunnelen, den lengste vegtunnelen i verda, vart det sprengt ut i underkant av 4 millionar tonn fjell. No meiner Kystverket at ein må sprenge ut dobbelt så mykje for å bygge ein skipstunnel mellom Kjøde og Moldefjorden.

8 millionar tonn fjell er enormt mykje, men etter dei daglege rapportane i lokalpressa å dømme er det altfor lite. Langs strendene i Selje er det plass til endå meir, blir det sagt. Desse steinfyllingane vil lokke til seg ei mengd med bedrifter som vil etablere seg her.

Men vil dei det? Er det så enkelt å få industrieigarar til å etablere seg i Selje?

Slike massive utfyllingar i strandsona står i grell kontrast til avslåtte søknader om å bygge eit lite naust eller ei flytebrygge. Byggeforbodet i hundremetersbeltet er ikkje likt for alle.

Eg har ein mistanke om at politikarane ikkje heilt ser konsekvensane av det som blir bestemt, og at dei heller ikkje kjenner historia bak Stad skipstunnel. Byggetida er rekna til å bli minst 5 år og kostnaden rundt 4 milliardar. Vi veit at både byggetid og kostnad har ein tendens til auke i høve til det ein har planlagt.

Alle utgreiingane om Stad skipstunnel har konkludert med at det er eit samfunnsøkonomisk ulønsamt prosjekt. Det vil ha ein negativ nytteverdi, også i eit hundre års perspektiv.

Det har blitt greia ut to alternativ, stor og liten tunnel. Det minste alternativet har berre vel halvparten så stort volum og difor ein langt mindre kostnad.

Liten tunnel ved Stad ville også bli samfunnsøkonomisk ulønsam, men utgreiarane og Kystverket tilrådde dette alternativet viss ein likevel gjekk inn for å bygge ein skipstunnel. Den negative nytteverdien ville bli langt mindre.

Forkjemparane og lobbyistane er likevel fast bestemte på at det må bli stor tunnel slik at Hurtigruta sine skip skal kunne bruke den. Det er vanskeleg å følgje dette resonnementet etter å ha lese Hurtigruta sin klare uttale om Stad skipstunnel.

Kort samanfatta seier Hurtigruta følgjande: Skal dei bruke ein skipstunnel ved Stad, vil det føre til lengre reisetid, meir forureining og større fare for ulukker. Difor vil dei ikkje bruke tunnelen. Dei trur heller ikkje på den planlagde tunnelen som nokon turistattraksjon.

Burde ikkje politikarane lytte til Hurtigruta som har kryssa Stadhavet dagleg i 120 år?

Når det stormar som verst på Nordvestlandet, hender det at Hurtigruteskipa ikkje kan legge til kai i Måløy. Er det då sannsynleg at dei kan segle inn og ut av to tronge fjordarmar og gjennom ein tunnel?

Det må vel vere eit paradoks, sjølv for dei mest ihuga, at samferdsleprosjekt i milliardklassen fører til lengre reisetid, meir forureining og større risiko for ulukker.

Både samfunnsøkonomisk og miljømessig er Stad skipstunnel eit prosjekt som for lengst skulle blitt skrinlagt. Ei nedskalering til det som i utgreiingane vart kalla "liten tunnel", men som slett ikkje er liten, ville kanskje gjere prosjektet meir akseptabelt for fleire enn slik det framstår no.

Dersom fylkeskommunane på kvar side av Stad vil subsidiere ei snøggbåtrute gjennom ein slik tunnel, er det minste alternativet meir enn stort nok. Ein liten tunnel er sjølvsagt også stor nok for kystfiskarane og fritidsbåtane. Kostnaden kan bli halvparten av det ein no legg opp til, byggetida vesentleg kortare og, ikkje minst, naturinngrepa langt mindre.

Konsekvensane for innbyggarane i Kjøde og Moldefjorden blir heller ikkje så alvorlege.

Ein må av og til kunne innsjå at vedtak har blitt fatta på sviktande grunnlag, slik som her.

Før ein startar ei gigantisk utsprenging av fjellet mellom Kjøde og Moldefjorden, er det difor på sin plass å minne om fjellvettregel nr. 8 i forkorta utgåve: Snu i tide!