Vert du også med til Mount Everest?

«Hei, eg ringer frå valnemnda i Kinn Senterparti, og eg lurer på om du er interessert i å stå på lista vår?», var spørsmålet eg fekk i telefonen.

Ein kaskade av tankar for gjennom hovudet mitt. Ho kunne like godt spurt «Er du interessert i å gå opp Mount Everest?»

Eg er overtydd om at skal Kinn kommune lukkast i å bli ein framgangsrik og berekraftig kommune, må vi også ha tru på dei små lokalsamfunna i kommunen. Vi må ta heile kommunen i bruk. Vi må gjere det mogleg å bu ute i provinsen, i våre små og store øy- og bygdesamfunn, drive næring der eller berre bu der og kunne ha arbeidsplass i byen. Borna skal ha kort veg til skulen, uansett kvar dei bur. Barnehagetilbodet må vere slik at både far og mor kan jobbe fulle stillingar, utan at ein av dei må gå ned til deltid for å få tidskabalen til å gå opp. Alle små lokalsamfunn som vil ta imot flyktningar, må også få bidra i dette viktige arbeidet.

Vegen fram til ein slik kommune synest stundom så uendeleg bratt og lang. Eg bur i provinsen og har kjempa for tilværet sidan eg kom flyttande hit. Difor kjendest spørsmålet frå valnemnda ut som ein invitasjon til å klatre Mount Everest.

Rett ved kommunegrensa mellom Sunnfjord og Kinn veks det no fram ein ny arbeidsplass. Ein kan meine mykje om denne gruvedrifta, men den kjem og gir over 100 arbeidsplassar. I staden for å jobbe for å få ein del av desse nye arbeidstakarane til å busette seg i Kinn, har energien i kommunen dei siste åra heller blitt brukt på å bli kvitt skulen i Stavang. I staden for å tru på vekst i eit lite lokalsamfunn, har fokuset vore på lite elevgrunnlag og å få skulen nedlagt, den som nettopp er ein viktig føresetnad for å få foreldre til å busetje seg. Når dei demografiske utfordringane skuggar for vekstpotensialet, då seglar kommunen på feil kurs.

Dette synes eg er dårleg politikk. Difor sa eg ja til Kinn Senterparti, og er oppført på 9. plass på vallista.

Kinn Senterparti har tru på heile Kinn. Kinn Senterparti har tru på både bygd og by i kommunen. Vi trur dette er svaret skal Kinn kommune lukkast i framtida.

Fortset vi kursen mot at det er berre i byen ein kan bu og jobbe, og motta kommunale tenester, så kollseglar vi til slutt. Eldre skal ikkje måtte flytte til byen for å vere sikra hjelp.

Der er mange viktige og styrande kommunale planar som skal vedtakast etter valet. Den nye kommuneplanen vil omfatta både ein arealdel og ein samfunnsdel. Denne legg føringar både for all arealbruk og framtidig samfunnsstruktur. Dette er avgjerande for framtida vår. Skulestrukturplan er ein del av kommuneplanen, kor vi skal bu og kor vi skal vi ha skular og barnehage.

Kinn Senterparti vil ta i bruk heile kommunen. Difor er ei stemme til Senterpartiet så viktig, slik at vi får farga desse planane på ein slik måte at det i framtida er mogleg å bu i heile kommunen. At bustadadresse ikkje skal avgjere kva teneste du kan ta i mot frå kommunen.

Eg inviterer deg til å støtte Kinn Senterparti sitt arbeid for kommunen, og gi di røyst til partiet.

Godt val!