Leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende 24. oktober.
Fryktar lokal beredskap blir dårlegare
Mykje god lokalkunnskap og kompetanse om fylket vårt forsvinn når operasjonssentralen i Flora blir lagt ned, og ansvaret for naudtelefonane blir flytta til Bergen. Vi er redd dette kan bli svært utfordrande for tryggleiken og beredskapen i Sogn og Fjordane. I fjor sommar vart det bestemt at det skal opprettast ein felles operasjonssentral i Bergen. Alt då var det mange som protesterte og frykta dette ville svekke beredskapen her i fylket. Men då vart det sagt at operatørane i Florø skulle bli med på flyttelasset til Bergen. Dei skulle ta med viktig lokalkunnskap og kompetanse inn i den nye sentralen. Med ein felles sentral skulle alt bli så mykje betre og tryggare.
Det har vore gjort mange forsøk på å stanse denne sentraliseringa. Men leiinga i politidistriktet har ikkje brydd seg om det. 8. november blir sentralen i Flora lagt ned. Berre veker før det skjer så viser det seg at berre ein av dei tilsette i Flora blir med på flyttelasset til Bergen. Dette uroar mange. Det er nok av eksempel på at lokalkunnskap har vore avgjerande for utfallet av ulukker og ekstreme kriser som brått har dukka opp.
Sogn og Fjordane har lange avstandar, fjordar, fjell, rasfarlege og svingete vegar og lange tunnelar. Ofte kan det vere vanskeleg å få profesjonell hjelp raskt fram når det skjer større ulukker. Klarer ikkje naudetatane å kome seg fram, så må folk ordne ut sjølve i den første fasen. Då kan lokalkunnskap og kjennskap til andre ressursar blant dei som skal koordinere hjelpa vere livsviktig i den første fasen av ei ulukke eller krise. Operatørane i Bergen kan umogleg kjenne kvar krok i dette fylket like godt som vi som bur her gjer. Vi kan ikkje forstå kvifor ikkje leiinga i politidistriktet ser dette. Moderne teknologi burde opne for at det kunne vere folk med lokalkunnskap på vakt også her i fylket.