Svein Inge Fosse er klar til å ta i eit tak på fylkesveg 616 mellom Kalvåg og Klubben no som både kommune og fylkeskommune har løyvd millionar. Men før grunneigarane er kontakta kan han ikkje gjere noko.

Det er mange år sidan den kreative hotellverten frå Kalvåg personleg garanterte for to millionar kroner til bruk på utbetringar langs fylkesvegen ut til heimbygda hans.

Sidan den gang har både Bremanger kommune og fylkeskommunen i Sogn og Fjordane spytta i to millionar kvar i spleiselaget. Fosse er klar til å starte jobben med å samle inn same beløp og rydde veg, men avtalane med grunneigarane langs vegen må kome på plass før han og andre kan gjere noko.

– Eg var 58 då eg sette i gang dette, no er eg 62, seier Svein Inge Fosse, som etterlyser innsats frå fylkeskommunen på å kontakte grunneigarane så arbeidet kan kome i gang. – Det er viktig å behalde entusiasmen og få kome i gang, veit du, seier Fosse.Han trur det er mange som er villige til å betale, ta i eit tak og vere med på dugnad; kutte greiner og rydde skog langs vegen.

Blir ikkje betre

Og problemvegen har på ingen måte blitt noko betre dei siste åra.

– Eg har køyrt mat til arbeidarane i Skatestraumtunnelen no 100 dagar i strekk, og eg held på å tørne galen på heile vegstrekninga. Det er heilt forferdeleg, seier Fosse.Og på vinterstid blir alt berre endå verre. Fredag sperra ein utanlandsk trailer Oldeidsbakkane i fleire timar. Då vart folk i ytre Bremanger enten stengd inne eller ute alt etter kva side av traileren dei var på.– Det har vore mykje fisk i det siste, og på vinteren med glatte og smale parti, står vogntoga fast både her og der.

Ventar på avklaring

Sjølv er Fosse klar til å starte både pengeinnsamling og arbeid, men etterlyser framdrifts- plan frå fylkeskommunen.

– Om dei tek den nødvendige dialogen med grunneigarane langs vegen, så skal eg samle inn pengar og dugnadsfolk, avsluttar Fosse.

Les meir om saka i Fjordenes Tidende 26. januar.