Fylkesmannen seier nei

Miljøvernavdelinga til Fylkesmannen støttar ikkje utvida arealbruk for eit oppdrettsanlegg i Frøysjøen. (Illustrasjonsfoto) 

Fra papir

Fylkesmannen si miljøvernavdeling støttar ikkje utvida arealbruk for eit oppdrettsanlegg som ligg ved Marøy i Frøysjøen.

Dei meiner ein dispensasjon ikkje oppfyller vilkåra, og rår sterkt frå å gi dispensasjon for etablering av oppdrettsanlegg i eit sjøområde som er sett av for allmenn fleirbruk i kommuneplanen. Søknaden gjeld endra arealbruk, og ikkje auke i produksjonen. Stålanlegget er tenkt utfasa og erstatta med plastmerder.

For å samstundes optimalisere miljøforholda for fisk, ønskjer eigar å trekkje anlegget ut av bukta og etablere det slik at anlegget blir meir eksponert for straum og vassutskifting. Dette skal gi fisken betre plass og leggje til rette for betre fiskevelferd og fiskehelse.

Miljøvernavdelinga meiner det er uheldig om kommunar handsamar endringar og utvidingar av område for akvakultur gjennom dispensasjonar.

– Å styre utviklinga av akvakultur i fylket gjennom dispensasjonar, skapar ei uvisse og lite føreseieleg situasjon for næringa og andre partar. Situasjonen per i dag med lakselus og andre fiskesjukdommar viser at denne type utvikling fører til ei ikkje-berekraftig utvikling, skriv avdelinga.

Fra papir