Debatt:

Då er det vel berre å setje i gang?

Kystvegen. (Illustrasjon: Aas-Jakobsen) 

Kommentarer

Dette innlegget er skrevet av Jostein Nygård og sto på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 6. oktober.

Kyststamvegen vart ikkje noko av i vårt fylke. Kystvegen er eit nytt forsøk på å skape ei nord-sør hovudtransportåre som er tenleg for kystkommunane. Dei fleste har innsett at skal denne bli ein realitet i overskodeleg framtid må vi få att ein del av pengane våre frå Staten, det vil seie, kystvegen må bli eit nasjonalt prosjekt. I ein slik samanheng vil følgjande vere rettleiande ved val av vegtrase i Sogn og Fjordane. Kvar er det hensiktsmessig å krysse fjordane?

Kortast mogleg avstandar og minst mogleg høgdeskilnader gjev kortast reisetid og er mest miljøvenleg. Ein sikksakkveg som skal innom flest mogleg nes har ingen sjanse.

Den må ha ein standard og plassering som gjer den til eit tenleg bindeledd mellom hovudvegar i nabofylka slik at den totale nytteverdien forsvarar ei nasjonal satsing.

Korleis vil ein slik vegtrase i Sogn og Fjordane sjå ut i praksis? Som kjent er det tidlegare bygd bru over Nordalsfjorden. Vegen via den nye Bortnetunnelen vert vidareført til Svelgen (Rise) med tunnel til Indrehus og ny tunnel mot Nordalsfjordbrua. Ved Grov møter ein riksveg 5.

Det er nyleg bygd bru over Dalsfjorden. Ein pengebruk som vart latterleggjord i Oslopressa, men som i denne samanheng kjem til sin rett. Ein tilnærma rett vegtrase sørover mot Rysjedalsvika med ein kort sideveg til Lavik vil utløyse eit stort trafikkgrunnlag frå sør. Med ein rett trase nordover frå Dalsfjordbrua i form av tunnel (litt lenger enn Sunnfjordtunnelen) vil ein kunne krysse Førdefjorden på det smalaste punktet med ei brulengde tilsvarande Nordalsfjordbrua. Undersjøtunnel bør og utgreiast. Å velje ei kryssing av fjorden som krev oppretting av nytt ferjeleie vil ha lite gjennomslag sentralt.

Ein held fram nordover med tunnel Redal – Vassetevatnet (litt kortare enn Sunnfjordtunnelen). Ein må velje mellom vestsida og austsida av vatnet. Vel ein austsida tek ein vare på eksisterande veg som også vil kunne fungere som gang-, sykkel- og traktorveg. Ein får såleis eit trygt og effektivt trafikkmønster. Vest for Storebru møter ein riksveg 5. Vestover til Grov er det ei køyretid på om lag 5 min. på ny veg med gul stripe. Samstundes vert ein kopla til Midtvegen (fylkesveg 615) som skal utbetrast til Sandane, noko som gjev større trafikkgrunnlag frå nord og ei breiare politisk støtte for prosjektet. Det er og verd å nemne at løysinga gjev eit vesentleg bidrag til avlasting av trafikkproblema i Førde.

Tunnelar bygde etter dagens krav er den tryggaste vegløysinga. Dei gjev minimale inngrep i naturen. Ein oppnår ei rett strekning utan opp og nedstigingar. Dei utgjer såleis både den kortaste løysinga og den mest miljøvennlege. Tunnelmasse som ikkje vert nytta i sjølve vegprosjektet kan nyttast til mellom anna utbetring av sidevegar, utfylling av område for industri eller jordbruk. Slike løysingar aukar prosjektets samfunnsverdi. Hugs at ein byggjer primært for næringslivet. Turistane kan velje eksisterande vegnett.

Reisetida Måløy – Florø vil vere avhengig av kva løysing ein vel for kryssinga av Nordfjorden. Reisetida Storebru – Rysjedalsvika/Lavik vil vere rundt 1 time, noko som vil vere nærmare ei halvering av dagens reisetid. Med gul stripe på vegen Askvoll – Dalsfjordbrua vil reisetida Florø – Askvoll ikkje overstige 1 time. Sjølv om det på denne strekninga er mogleg å velje ein kortare vegtrase gjev denne løysinga likevel kortaste reisetid sidan ein unngår ferje.

Tilførselsvegar til kystvegen må i hovudsak løysast lokalt (kommune/fylke). Dette gjeld og Florø sitt behov for vegar til nærmaste omland.

Som nasjonalt prosjekt vil strekninga Nordfjorden–Sognefjorden kunne utgjere eit større prosjekt med dei stordriftsfordelane som noverande regjering etterlyser. Gjennomføringa vil heller ikkje skape problem for noverande trafikk. Så då er det vel berre å setje i gang? Heile fylket ser vel verdien av dette? I alle fall gjer nabofylka det. Med eit nasjonalt prosjekt så tek Staten prosjekteringa.