Stiller spørsmål om rabattar på ferjene

(Arkivfoto: Fjordenes Tidende) 

Kommentarer

Dette er ein delt meining som sto på trykk i Fjordenes Tidende fredag 9. oktober.

Ein mann frå Bremanger lurer på om ferjesystemet er heilt rettferdig når det gjeld uføre og pensjonistar.

– Det er jo veldig greitt når ein er ufør eller pensjonist og tar ferje. Vi får rabatt på taksten. Men korleis er det når det gjeld bilen vi køyrer eller sit på i. Gjeld rabatten for den også? Behovet er jo likt sjølv om ein køyrer bil. Ville det då ikkje vore rettferdig om rabatten gjaldt bilen også? Eg stiller berre det spørsmålet, seier mannen på telefon til Fjordenes Tidende.