Denne leiarartikkelen stod på trykki Fjordenes Tidende fredag 11. mai:

Utfordrande at berre 1 av 5 meiner dei veit nok om Kinn

I dag er det akkurat ein månad igjen til det skal vere folkerøysting i Vågsøy om kommunesamanslåing med Flora kommune. I halvanna år har politikarane i Vågsøy og Flora jobba med Kinn-prosjektet. Etter eit stort press frå neisida, med underskriftslister og fakkeltog i Måløy rundt årsskiftet i år, så bestemte eit fleirtal i Vågsøy kommunestyre 1. februar i år å seie ja til folkerøysting om kommunesamanslåing med Flora. 11. juni kan dei røysteføre i Vågsøy gå til urnene og seie kva dei meiner om prosjekt Kinn.

Då spørsmålet om folkerøysting vart diskutert i kommunestyret i februar i år var mange opptekne av å bruke tida fram til folkerøystinga til å få ut informasjon om prosjekt Kinn. Mange politikarar meinte det ville vere mogleg å snu motstanden mot Kinn som har vore i Vågsøy. I ei spørjeundersøking som prosjektleiinga i Kinn sende ut for to veker sidan så svara rundt 80 prosent av dei som har svara i Vågsøy at dei ikkje veit nok om Kinn kommune. Berre ein av fem meiner dei veit nok. Dette fortel at prosjektleiinga i Kinn, og dei som har lova meir informasjon, ikkje har lukkast til no. Dei har ei stor utfordring berre fire veker før folkerøystinga. Det må forventast at prosjektleiinga og politikarar kjem langt sterkare på banen med informasjon. Og så kan ein forvente at både ja- og neisida blant folk vil intensivere sitt engasjement dei komande vekene.

Det blir spennande å sjå kor mange av dei røysteføre innbyggarane i Vågsøy som vil engasjere seg og møte opp i stemmelokalet i denne saka i juni. Det blir også spennande å sjå om stemninga til samanslåinga har endra seg frå to innbyggarundersøkingar, i fjor og i mars i år, der neisida var i klart fleirtal. Og ikkje minst blir det spennande å sjå kva politikarane i Vågsøy vil bruke svaret i 11. juni til.