Denne kommentaren er skriven av Stig Erik Elliott og er ein del av Stemplar ut-spalta på sistesida kva fredag.

På besøk bak fiendens linjer

Førre helg tok eg turen til fiendtleg territorium. Yngstedottera skulle vera med på handballturnering i Florø. Eg heiv meg med, og tok sjølvsagt på meg spionbriller for å få med meg mest muleg av det som føregår av skummel konspirering hjå storebror, og kanskje snart pappa, i sør.

Då me kjørte inn frå Bergen seint fredag kveld, trudde eg at eg såg Jostein Eimhjellen på eit gatehjørne. Eg var inne på tanken om å stoppa bilen, ta på meg frakk, hatt og dei svarte solbrillene frå Oakley for å fotfølgja den mistenkelege figuren. Men truleg var det ikkje Eimhjellen: Det var nok heller det at også eg har blitt ein smule paranoid.

Laurdag føremiddag tok eg meg ein tur ned i Florø sentrum. Det eg fekk sjå var ikkje så lite skremmande. Opptil fleire bygningar hadde fasadar som flassa. Eg noterte tre hol i asfalten. Eit fotgjengarskilt var både skite og litt skeivt: Det er tydeleg at Flora kommune har slurva litt med vedlikehaldet. Det er eit tegn på det som ekspertane kallar vedlikehaldsetterslep: Kanskje har Heggheim & co tenkt å skyva rekninga for etterslepet over på djupt uskuldige vågsøyværingar?

Heldigvis var det ikkje berre negative stikkord som hamna på blokka mi. For: I butikkane var det meir enn grisgrendt. Trass i at det både blei arrangert stor handballturnering og Sykkelens Dag i Florø sentrum, glimra dei handlande med sitt fråver. Fem-seks kjøp over disk var det einaste eg fekk med meg. To av dei var reint bagatellmessige: Ei dametruse i ein klesbutikk og ein kopp kaffi på ein litt sliten kafé.

Om Måløy sentrum kan verka ein smule evakuert i ny og ne, er det tydeleg at situasjonen ikkje er stort betre i Florø. Blir Florø kommunesenter, er det godt muleg å gjera Måløy til handelssenter. Ei dametruse og ein kopp kaffi, pluss litt til ein laurdag føremiddag, må vel Vågsøy kunne konkurrera med? Handel på Eid vil det vel uansett vera jamt slutt på. Kven reiser vel til svikarland og aukar skatteinntektene til Bjørloen?

Eg registrerte òg at eit klart fleirtal av innbyggjarane i Florø framleis skarrar på r-en. Hobbybergenserar? Slikt kan ikkje akkurat kallast eit kvalitets-teikn. Alle veit at folk som stammar frå smårike fiskarbønder er langt flinkare til å karra til seg enn Sultenburg-etterkommarar med håplause storbyambisjonar.

Det kan komma mykje godt ut av ei handballturnering i Florø. Verdien av å få stadfesta fordommar skal ein nemleg aldri undervurdera.