Denne kommentaren er skriven av redaktør Erling Wåge, Fjordenes Tidende.

Svar til Geir Ove Refvik

Fleire har spurt kvifor Fjordenes Tidende valde å publisere saka om elektroniske meldingar som Geir Ove Refvik sende til to personar. Det enkle svaret er at vi meiner dette er ei viktig sak - korleis vi kommuniserer og debatterer viktige saker. Dette handlar om korleis vi fører ein debatt og korleis vi oppfører oss mot kvarandre.

Offentlegheitsekspert Gunnar Bodahl-Johansen understreka at slike meldingar ikkje er ulovlege, men han sa også at det var opp til mottakarane å bestemme korleis dei oppfatta og kva dei gjorde med kommunikasjonen dei blei utsett for.

Geir Ove Refvik meiner Fjordenes Tidende har vore pressa av ordføraren til å publisere denne saka. Det har vi på ingen måte vore. Det er eg som redaktør som bestemmer kva vi skal publisere. Geir Ove Refvik prøvde derimot å presse oss til å ikkje omtale denne saka. Det er det einaste presset vi har opplevd i denne saka.

Om ordføraren ønskjer å kommentere noko i lokalavisa, og vi meiner det er ei viktig sak å sette søkjelys på, så får ho og andre sleppe til. Ordføraren ynskte å kommentere meldingane for å seie at ho meiner at slik kommunikasjon kunne øydelegge for ein god og open debatt. Ho kom også med ei oppmoding om at alle som er engasjerte i ei sak kan ha ein sakleg og ryddig debatt vidare.