Denne kommentaren er skriven av Ane Barmen, og er ein del av den faste Stemplar ut-spalta i Fjordenes Tidende kvar fredag.

Verdas lengste trikketur

Tre år. To prøverørsforsøk. Tre egginnsett.

Ein trikketur har aldri vore lengre. Eg sit med hamrande puls og ser ut i våren, på folk som luftar bikkjene sine, som drikk kaffi, og eg kunne ha gjeve kva som helst for å bytta med dei. Eg er på veg til Rikshospitalet, og mannen har akkurat ringt og sagt at han ikkje rekk å kome. Eg må gjere det åleine.Hormonmedisinane har kødda med meg i vekesvis, og dei er ikkje akkurat mildare no, to dagar etter egguttaket. Eg er glad eg har solbriller på, så ingen kan sjå at eg sit her og grin.

Vi byrja å prøve rett før eg fylte tredve. Vi måtte vente til rette månaden, så ungen ikkje kom midt i eksamenane hans, for vi skulle jo bli gravide med éin gong. Vi var superfruktbare, klart vi var det.

Og så gjekk tida. Eg fylte tredve, og det blei jul og det blei nyttår og vår og sommar. Og eksamenane hans kom og gjekk, og det blei haust og eit år hadde gått og vi måtte søke hjelp. Vi blei utreda. Eg fekk medisinar. Dei gav meg kviser, humørsvingingar, cystar, men ingen baby. Vi blei vidaresendt til Rikshospitalet. Fleire undersøkingar. Lang ventetid.

Prøverør er ikkje for pyser. Du blir pumpa full av hormon. Humøret køyrer berg- og dalbane. Du blir gløymsk, stuptrøytt, kvalm, og så skal du setje sprøyter på deg sjølv og får ein blåflekkete mage stinn av egg, og heile tida kvernar det i hovudet: Tenk om det går. Tenk om det ikkje går.

Eg sit på trikken og bestemmer meg for at no må eg tøffe meg opp. Han kjem ikkje, og det er drit, men sånn er det. Eg set på Beyoncè på øyra og pustar djupt, og då eg kjem på undersøkingsrommet grin eg i det minste ikkje lenger, og legen og sjukepleiaren er akkurat så fine og rolege som ein treng når eit embryo skal setjast tilbake og kanskje, og kanskje ikkje, skal forandre heile livet ditt.

Etterpå står eg på ein do på sjukehuset med hendene på magen og snakkar til egget der inne som ein annan hippie. «Fest deg, fest deg, ver så snill, vi har så lyst til å møte deg, eg skal synge til deg og eg skal lese til deg og eg skal breie dyna over deg kvar kveld, berre fest deg, lisje ven, fest deg, fest deg.»

Underet skjedde. Ho festa seg. Ho blei eit foster, ho blei ein baby, ho blei fødd, og ho er her og livet er snudd på hovudet og alt er annleis og utmattande og fantastisk og ho er så fin at eg mest ikkje orkar det.

Sånn kan det gå. Det kunne like gjerne ikkje ha gått. Men det gjekk. Ho er her, ho vi venta på så lenge. Tre år. To prøverørsforsøk. Tre egginnsett. Laura.