Denne kommentaren er skriven av Stig Erik Elliott og er ein del av Stemplar ut-spalta på sistesida kvar fredag.

Menn, klede og den gode smak

Av og til er verda sånn at du kan applaudera eit forsøk, samtidig som du hissar deg umåteleg over korleis forsøket blir utført – og i kva ende forsøket startar. Debatten om menn og bruk av shorts på jobb er definitivt eit slikt eksempel.

For: Ei dansk bedrift har, av alle ting, bestemt seg for å forby dei tilsette å gå i shorts på jobb. Avgjerda har delvis hausta myndige nikk frå ein del konstablar i det norske motepolitiet. Hårete, mannlege leggar har visstnok ingenting i eit framtidsretta arbeidsmiljø å gjera.

Det er då eg spør meg: Shorts, av alle ting dei kunne pikka på, så veljer dei seg altså shorts – shorts på generelt grunnlag? Eg nemner i fleng: Sæggebukser som avslører alt frå knehasene og opp, svarte mokkasinar og kvite tennissokkar (ja, det finnest faktisk enno), julepyntgenserar i adventstida, røkejakker med skinn på albogane, skulderputer som smakar infernalsk 80-tal og tilbodskjøp frå Dressmann sine 70 prosent-stativ som liknar meir på fugleskremselutstyr enn noko for menneskerasen.

Ein kan utan tvil applaudera eit forsøk på å justera kleskoden til ein ikkje ubetydeleg del av den norsk mannfolkstanden. Men då er altså generelt shortsforbod eit underleg utgangspunkt. Eg seier ikkje at alle typar shorts er gangbare. Før helga såg eg ein mann i eit eksemplar som var så kort at du kunne telja hemoroidene og så trong at du såg skrifta på underbuksa gjennom nylonstoffet. Men val av shorts var truleg ikkje det einaste problemet denne karen hadde. Eg veddar magebeltet mitt på at eit besøk i klesskapet hans ville fått 18 års aldersgrense.

No står eg sjølvsagt lageleg til for hogg her. Å påstå at eg er nokon å ta etter når det gjeld påkledning, er vel som å hevda at Sylvi Listhaug bør setja standarden for presisjonsnivået til norske diplomatar. Heldigvis er det sånn at stort glashus aldri har vore til hinder for målretta steinkasting.

Og skulle eg bli tatt med buksene nede, kan eg i det minste lova at det ikkje vil vera snakk om terylenebukser.