Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 15. juni.

Utfordringa er å finne ut korleis ein kan bidra til god stemning blant innbyggarane igjen

Måndag var det knytt stor spenning til resultatet av folkerøystinga i Vågsøy kommune der innbyggarane var utfordra til å seie si meining om at kommunen skal slå seg saman med Flora kommune frå 2020. Resultatet av folkerøystinga måndag synte det som har kome fram i to innbyggjarundersøkingar som vart gjennomført i april 2017 og i mars 2018: det er framleis stor motstand blant innbyggjarane i Vågsøy til å slå seg saman med Flora kommune.

Då fleirtalet i kommunestyret drøfta spørsmålet om folkerøysting 1. februar i år så var det eit viktig poeng å få ut informasjon som kunne snu motstanden og som kunne gje fleire trua på Kinn kommune. Det var også eit viktig poeng å prøve å roe ned den oppheita stemninga som har vore mellom ja- og neisida. 60,4 prosent av dei som tok seg bryet med å stemme i folkerøystinga sa nei og 36,8 prosent sa ja til samanslåinga. Det fortel at ja-sida ikkje har lukkast med å snu stemninga.

Det er utfordrande å byggje eit kraftsenter når så store og sterke krefter i folket stretar imot. Det blir utfordrande å byggje ein slagkraftig, effektiv og moderne kommune når ein ikkje har fleirtalet av dei som skal vere ein del av den i ryggen.

Både administrasjonen og enkelte politikarar bør nok vere audmjuke og ta sjølvkritikk på at prosessen med prosjekt Kinn kunne vore gjort på ein betre måte. Hadde dei brukt meir tid på å gje innbyggarane trua på samanslåinga med Flora så kan det hende at det hadde blitt lettare å byggje denne nye kommunen. Det er ei viktig oppgåve å ta innbyggarane på alvor og prøve å lækje såra som har kome som følgje av den oppheita debatten i denne viktige og vanskelege saka.

Utfordringa blir å finne ut korleis ein kan bidra til god stemning blant innbyggarane i Vågsøy igjen.