Dette svarinnlegget er skrive av Erling Wåge, redaktør i Fjordenes Tidende:

«Replikk til replikken»

Rolv Petter Vetvik har ein «replikk» til leiarartikkelen i Fjordenes Tidende på tysdag, der eg har kommentert kommunestyret si behandling av folkerøystinga sist torsdag.

Vetvik, som meiner å vere faktaorientert, kan ikkje ha lese leiarartikkelen min grundig nok. Eg har aldri hevda at det blir kamp om kampen. I leiarartikkelen så skreiv eg at eg ikkje trur det blir fleire omkampar om Kinn kommune. Men det betyr ikkje at eg trur det er slutt på dei mange kampane som har vore rundt denne kommunesamanslåinga. Eg trur etter alt som har skjedd rundt samanslåinga mellom Vågsøy og Flora, og ut frå den store usemja som er både blant politikarar og innbyggarar i Vågsøy, så blir det mange kampar og tøffe tak framover også.

Dette er vel det korte faktabaserte replikksvaret på replikken frå deg. I motsetting til det du skriv i din replikk, så trur ikkje eg at det blir fleire omkampar eller folkerøystingar om Kinn kommune. No ser eg at du som er på linje med Vågsøy Arbeidarparti vil ha ei ny folkerøysting til i juni neste år når revidert budsjett blir lagt fram neste vår.

Er spent på om du får med deg Arbeidarpartiet på å ha folkerøysting neste juni igjen når dei i Kinn-saka to gonger har sagt at dei ikkje vil ha folkerøysting. Og eg trur ikkje du får mange med deg på at det skal vere endå ei folkerøysting i Vågsøy tre månader før det skal vere nytt kommuneval og der listene til dei som skal styre Kinn kommune er godkjende. Og neste juni er det berre eitt halvt år til den nye kommunen skal vere oppe å stå med nye tilsette, ny organisering og ein heilt ny kvardag for både Vågsøy og Flora.

Eg trur den neste folkerøystinga blir kommunevalet neste haust. Då vil folk seie kven dei vil ha til å styre den nye Kinn kommune som no er under planlegging. Og ja, det kan godt vere at ein av kampane som kan komme kan vere mangel på millionar til eldreomsorga. Men det har vel Arbeidarpartiet og dei andre som vil byggje ein ny sterk kommune på kysten rekna på og har eitt svar på korleis dette skal løysast.