Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 22. juni.

Mange kryssar fingrane og ønskjer investorane lukke til

Ei investorgruppe med personar frå Selje-området og ytre Nordfjord har gått saman om å prøve å få bygd eit hotell i Selje. Det nye selskapet har fått sikra seg retten til å feste tomta til Selje Hotel. Seks lokale investorfirma har stifta selskapet Selje Hotell Invest AS. Målet med denne satsinga er å gjere et forsøk på å få bygd opp eitt nytt og framtidsretta hotell på tomta til ruinane etter Selje Hotel.

No er investorane med den nye daglege leiaren i hotellselskapet, dagleg leiar Therese Lien Smenes, sparsame med å røpe for mykje om planane. Smenes seier dette er første steg i rett retning og legg nok ikkje skjul på at dei er tidleg i prosessen. Det er garantert mange brikker som skal på plass før det eventuelt blir opna eit nytt hotell i Selje.

Det er så absolutt ei spennande gruppering av personar og selskap som no prøver å få gjennomført det mange drøymer om, at det igjen kan bli hotell i den idylliske bygda vest ved havet. Det nye selskapet består av personar som kjenner distriktet og Selje godt. Det er personar som har ståpåvilje og som har vore med å skapt mykje positiv næringsaktivitet rundt seg. Fleire har vore primus motorar i det lokale næringslivet. Det er personar med beina godt planta på bakken, som er patriotiske og som tydelegvis vil prøve å stable på beina eit nytt hotellprosjekt. Med tanke på alt som skal skje framover, spesielt rundt Stad skipstunnel og all aktiviteten som vil følgje i anleggstida og det spennande som kan skje når den er bygd, så er timinga god. Skal Selje igjen få eit nytt hotell så er det berre tida og vegen. Det er nok mange som kryssar fingrar og håpar investorane, som no har slått seg saman, lukkast, og at det kan igjen bli ein ny tilvekst til reiselivet i ytre Nordfjord.