Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 3. juli.

– Campus-prosjektet gir unge eit spennande tilbod

Vi ser stadig oftare at privat næringsliv, skuleverket og offentlege institusjonar samarbeider om kompetanseutvikling. I fjor haust fekk vi høyre om teknologibedriftene LocalHost og Videonor som har starta opp sin eigen rekrutteringsskule Måløy Academy. Dei vil ta inn lokale talent og starte tidleg, allereie på ungdomsskulesteget, for å lære dei opp til det som desse teknologiverksemdene driv med.

I Eid tenker dei også rekruttering. Sju lokale bedrifter har gått saman og vil starte eit lære- og treningssenter, eit såkalla campus, for automasjon- og elektrofag. Selskapa Normatic, Caverion, Eid Elektro, Moderne Varme, Nordplan, Fjordvarme og Segel håpar eit «campus-område» skal gjere rekruttering av ny arbeidskraft lettare. Prosjektet har møtt stor interesse frå Helse Førde, Eid kommune, Fylkeskommunen, Høgskulen på Vestlandet og Fagskulen i Sogn og Fjordane.

Prosjektet er inne i eit forstudium og håpet er at dei i 2019 kan byrje å jobbe med innhaldet og setje i gang konkrete prosjekt. Dette høyrest veldig spennande og framtidsretta ut. Når slike prosjekt blir starta med lokal forankring blant selskap som allereie har teke posisjonar både nasjonalt og internasjonalt så er det spennande. Fleire av bedriftene har i fleire år samarbeida internasjonalt med forsking og utvikling. Og fleire av desse bedriftene er også tett på andre bedrifter i same bransje som er avhengige av å utdanne nye unge smartingar. Planen er at unge som vil utdanne seg kan få vere ein del av eit spennande læremiljø der det blir tenkt utvikling og moderne teknologi. Dei skal også få prøve seg praktisk som lærlingar. Dette bør bedrifter og læremiljø i heile Nordfjord støtte opp om og heie på.