Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 6. juli.

Hurtigruta er ein viktig livsnerve og eksportartikkel

Måndag var det nøyaktig 125 år sidan det første hurtigruteskipet la ut på sin aller første tur langs norskekysten. Hurtigruta er i dag verdas største ekspedisjonscruisereiarlag med 2.500 tilsette og ein flåte med moderne skip som er rigga til å operere ei av verdas vakraste sjøreiser.

Alle har eit forhold til hurtigrutene. Dei flotte skipa som trufast trafikkerer norskekysten mellom Bergen og Kirkenes kvar einaste dag året rundt er noko av det som vi alle er stolte av. Det er eit flott syn når skipa segler nord og sør skipsleia. Og når vi er om bord så kosar vi oss i luksus og god standard. Vi får ein ro i kroppen når vi ålar oss fram langs holmar og skjær. Vi nyt naturen. Ja, det er vakkert.

Dei som jobbar på skipa er også fullstendig klare på at skal dei lokke folk om bord og ikkje minst så må dei smile og yte god service. Hurtigruta er ein viktig eksportartikkel som lokkar eventyrlystne turistar frå heile verda. Og det er nettopp denne turistsatsinga som bidreg til at denne unike sjøreisa har vore ein suksess i 125 år.

Hurtigrutene har vore og er ein viktig livsnerve langs norskekysten med 34 hamner mellom Bergen og Kirkenes på ruta. Hurtigruten AS har ein driftsavtale med Staten ut 2020 for alle 11 skipa. Etter 2021 og ut 2030 skal Hurtigruten AS drive sju skip, medan Havila Holding AS skal drive nye fire skip. Skipa til Hurtigruten AS er eller vil bli fornya, og dei vil bli utstyrt med nye gassmotorar for å tilfredsstille nye og strengare krav til utslepp.

Når Hurtigruten AS markerer jubileet, så viser dei igjen samfunnsansvar. Dei har bestemt seg for å fjerne alt av eingongsplast på alle skipa sine i løpet av sommaren. Ei flott gåve til samfunnet og naturen. Vi heiar på hurtigrutene, gratulerer med dei 125 første åra og håpar dei knyter kysten saman i endå mange år.