Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 10. juli.

Fleire ferjeavgangar vil truleg føre til endå meir trafikk

Sogn og Fjordane fylkeskommune er i ferd med å planlegge det offentlege rutetilbodet i fylket etter sommaren 2019. Dei har difor bede om innspel til rutetilbodet. Eit av innspela frå nordfjordkommunane kjem gjennom Nordfjordrådet som ynskjer hyppigare avgangar på ferjesambandet Måløy–Oldeide. Dei vil ha timesavgangar.

Etter at Bremangersambandet2 blei opna for fem år sidan har trafikken på sambandet auka enormt. I fjor reiste 74.655 køyretøy med dette sambandet. I fjor haust kom den nye ferja Hornelen som er spesialbygd for dette sambandet. Denne ferja har plass til fleire bilar og har større motorkraft enn forgjengaren, ferja Vågsøy. Likevel er det mange som meiner at det er for dårleg kapasitet på sambandet all den tid det er langt mellom kvar avgang. Sjølv om den nye ferja tek fleire bilar så blir det ofte for lenge å vente. Det er utfordrande for næringslivet, og ikkje minst fiskeindustrien, som har stramme tidsfristar på lange fisketrailerar med fisk. Det er eit problem for reiselivet og turistar. Og så er det sjølvsagt utfordrande for privatpersonar som pendlar til og frå jobb og skular på kysten.

Mange helsetenester er sentralisert til Førde, og det er for mange kortare å køyre til sjukehus over Bremanger. Og med tanke på det som skal skje etter 2020, då Vågsøy og Flora kommunar skal bli ein kommune, vil det vere ein styrke med fleire ferjeruter i ytre. Skal det bli eit kraftsenter på kysten er det ein styrke med kortare avstandar og betre kommunikasjon. Oftare ferjeavgangar er viktig om det skal bli eit felles bu- og arbeidsområde på kysten. Ferja er ein viktig del av kystvegen fram til det kjem bru. Sjølv om fylkeskommunen og Fjord1 signaliserer at dette er vanskeleg så må alle gode krefter jobbe for fleire avgangar.