Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 13. juli.

«Det er flott at lokale krefter vil lage eit museum om krigen»

Då har Måløy og Nordfjord fått ein ny attraksjon. Sist laurdag opna dørene til Måløyraidsenteret. Det som i mange tiår var Vågsøy kommune sitt rådhus, Heradsheim, er blitt museum. I det gamle trebygget Måløy sentrum kan vi få eit innblikk i dramaet som skjedde då Måløy vart bomba under 2. verdskrig i romjula i 1941. Historikarar meiner krigshandlingane i Måløy desse desemberdagane var ei viktig hending for å vise Tyskland og Hitler at Norge hadde sterke og gode allierte.

Det har vore mange år med kamp for å få etablert dette museet. Den første og største eldsjela for å få dette til er lokalhistorikar og historieforteljar Terje Sølvberg. Han har stått på for Måløyraidsenteret i mange år. Seinare har han fått med seg Helge Hjelle og andre nøkkelpersonar som har jobba målretta for å realisere dette prosjektet. Planen var å opne museet for fleire år sidan, men det har vore mange utfordringar som skulle løysast. Det har vore mykje arbeid med å forvandle den gamle trebygningen til eit museum, og ikkje minst å få finansiert dette museumsprosjektet.

Den formelle opninga av museet skal skje med brask og bram 23. august då kronprinsparet kjem på besøk for å opne Måløyraidsenteret. Men i sommar kan altså dei som vil få eit innblikk i delar av dette nye museet. I første etasje er det resepsjon og butikk. I andre etasje kan folk sjå forteljinga om sjølve Måløyraidet. Det startar med at ein høyrer troppane som bestod av 576 menn marsjere inn i Måløy. Deretter får besøkande eit innblikk i Måløyraidet. Utstillinga er bygd opp rundt autentisk film og lydopptak, grafisk design og gamle gjenstandar frå krigen. Personane bak Måløyraidsenteret fortener honnør. Det er viktig å få vist fram denne viktige delen av historia vår til mange av oss som er heldige og ikkje har opplevd krig.