Leiar:

– Mange er takksame for alt kulturfamilien Pavelich har fått til

Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich vart heidra med Kongenes Fortjenstmedalje under premieren på La Bohème. Foto: Operahuset Nordfjord/Øystein Torheim 

Kommentarer

Denne leiaren stod på trykk i Fjordenes Tidende 9. oktober:

I tre tiår har ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich vore ein sentral motor i kulturlivet i Eid, i Nordfjord og i Sogn og Fjordane. Onsdag vart dei to heidra for sin enorme innsats med Kongens Fortjenstmedalje under premieren på La Bohème i Operahuset Nordfjord. Jubelen stod i taket då ordførarar frå heile Nordfjord pynta med ordførarkjede og dress entra scena etter den 20. jubileumsførestillinga for å gjere stas på ekteparet. Eid-ordførar Alfred Bjørlo fekk æra av å dele ut dei to fortjenstmedaljane. Han trekte fram den enorme innsatsen ekteparet har gjort for song- og musikklivet i Nordfjord og Sogn og Fjordane.