Leair:

– Frivilligheit er ein av berebjelkane i samfunnet

Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 9. april. Foto: Bjørn Erik Drabløs  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Frivilligheit er ein av berebjelkane i samfunnet.

Erling Wåge, redaktør
Kommentarer

Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 9. april.

– Frivilligheit er ein av berebjelkane i samfunnet

I helga var barn og unge frå heile fylket samla til turnstemne i Vågsøy. Dette blei ein stor folkefest både for store og små. Hovudarrangøren var Skavøypoll Idrettslag, og dei fekk god hjelp av naboklubben MIL Turn til å gjennomføre denne turnfesten som varte i to dagar. Dette vart eit fantastisk flott og vellukka arrangement. Alt gjekk på skjener og dei to arrangørklubbane fortener stor honnør for gjennomføringa.

Totalt deltok det 1.000 turnarar frå 13 ulike idrettslag i fylket på dette barneturnstemnet. I tillegg kom trenarar, foreldre og vakter, så totalt sett var det mange som skulle vartast opp. I forkant av eit slikt arrangement så ligg det mykje planlegging. Fleire hundre personar har stilt opp både før, under og etter eit slikt stemne. Spesielt hektisk var det i helga då stemnet vart arrangert. Mange hundre var i sving for at dei besøkande og publikum skulle ha ei fin oppleving. I Måløy sentrum var det eit yrande liv då alle turnarane med god hjelp av lokale korps hadde parade gjennom sentrumsgatene. Det er lenge sidan det har vore så folksamt i sentrum. I Nordfjordhallen viste dei unge turnarane fram sine kunstar medan foreldre og andre sat på tribunen og klappa.

Det er positivt at dei to naboklubbane samarbeider om eit slikt arrangement. Det same gjorde desse to laga for to år sidan då MIL Turn var hovudarrangør av dette fylkesstemnet. Dugnad og gratisarbeid er viktig i samfunnet. Det finst over 115.000 organisasjonar i Norge. Over 84 prosent av norske folk er medlem i ein eller fleire organisasjonar. Kvar dag stiller kvinner og menn, unge og eldre opp for å gjere samfunnet varmare, meir inkluderande og tryggare. Frivilligheit er ein av berebjelkane i samfunnet vårt. Vi heiar på alle som stiller opp i frivillige lag og organisasjonar.