Leiar:

– Båtrutene på kysten må samle og styrke oss, ikkje splitte oss

Ekspressbåtrutene mellom Nordfjord og Bergen er limet langs kysten – viktig for dei som reiser korte avstandar og dei som reiser heile strekninga mellom Nordfjord og Bergen. Illustrasjonsfoto: Erling Wåge 

Båt-rutene på kysten må samle og styrke oss, ikkje splitte oss.

Erling Wåge, redaktør
Kommentarer

Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 2. august.

– Båt-rutene på kysten må samle og styrke oss, ikkje splitte oss

Administrasjonen i Flora, med støtte frå politisk leiing, føreslår endestasjon for Bergensbåten i Florø. Vidare nordover ser dei i framtida føre seg mindre båtar som går oftare. Fleire nord for Flora reagerer sterkt på dette.

Ekspressbåtrutene mellom Nordfjord og Bergen er limet langs kysten – viktig for dei som reiser korte avstandar og dei som reiser heile strekninga mellom Nordfjord og Bergen. Det gjeld folk som pendlar, næringslivet, studentar som studerer i Bergen og personar som er avhengig av universitetssjukehuset i Bergen.

Litt av suksessen til desse rutene er at båtane er store, har stor kapasitet, god komfort, kjem fort fram, reisande kan kjøpe seg mat og kan gå av og på midt i sentrum av Bergen. Ekstra viktig blir dette sambandet når det nye storfylket sin hovudstad blir i Bergen.

Må reisande nord for Florø skifte til ein mindre båt over Frøysjøen, så er det eit tilbakesteg for mange. Ikkje minst så er Frøysjøen utfordrande sjølv for dagens båtar i dårleg vêr. Blir båtane mindre kan komforten bli dårlegare og kanselleringane fleire.

Forventingane som er skapt ved etablering av Kinn er betre kommunikasjonar med fleire miljøvenlege båtruter som går fort. Den utviklinga må komme. Men skal slike ruter ha verdi så må ein ta omsyn til eit større omland.

I Selje blir det satsa stort på reiseliv og turisme, og for dei er ei direkterute til og frå Bergen viktig. Mange frå Eid brukar hurtigbåten frå Måløy når dei skal til Bergen. I Bremanger er det mange som brukar den både til Flora og til Bergen.

No må ein planlegge for Stadtunnelen og direkteruter mellom Bergen og Ålesund. Rart at Flora ikkje har snakka med andre kommunar om dette. Nye ruter må kartleggast og greiast nøye ut. Det må tenkast stort og snakkast over kommunegrenser for gode løysingar.