Leiar

– Heim i Haust har blitt eit viktig treffpunkt

Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 22. oktober.

Heim i Haust, Parken Kulturhus, Raudeberg. Måløy Vidaregåande Skule 

Heim i haust har blitt eit viktig treffpunkt både for kultur- og næringslivet.

Erling Wåge, redaktør
Kommentarer

I helga har det vore full rulle på Raudeberg. Dei dyktige og kreative eldsjelene bak Heim i haust-festivalen har lagt ned eit stort arbeid og har all grunn til å vere fornøgd med nok ein flott festival. Tanken bak Heim i Haust-festivalen er å framsnakke mykje av det som skjer i heile regionen og vise fram moglegheiter som finst. Og det har Aktiv Raudeberg så absolutt lukkast med.