«Skal vi dele alt med alle, alltid?»

  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Kommentarer

Denne kommentaren er skriven av ansvarleg redaktør Erling Wåge i Fjordenes Tidende:

Måndag morgon var det ei tragisk hending i Måløy. Ein person vart plukka opp frå sjøen under Måløybrua og vart erklært død.

Politiet vil av omsyn til dei pårørande og andre ikkje seie så mykje om kva som skjedde rundt dette dødsfallet utover at det ikkje har skjedd noko kriminelt som gjer at hendinga blir etterforska. Politiet og faginstansar har brukt tid på å varsle pårørande og følgje dei opp. Ut frå det Fjordenes Tidende veit om hendinga, og med tanke på familie og pårørande, har vi valt å vere varsame med å omtale denne tragiske hendinga som skjedde for berre to dagar sidan.

I dag så blir mykje filma. Folk har mobiltelefonar som raskt kjem opp når det skjer noko, spesielt når det skjer ulukker. Mange har det også travelt med å dele alt dei filmar ukritisk. Det må skje fort.

Over alt er det webkamera som også filmar. Slike kamera er tilgjengeleg for mange. Det er det også i Måløy. Fjordenes Tidende har fleire slike kamera. Utfordringa med slike kamera er at dei kan fange opp og publisere tragiske hendingar. Det skjedde dessverre på måndag.

Då vi vart gjort merksam på at dette hadde skjedd, og at det som skjedde ved brua måndag var på ein film på eit kamera som vi er medeigar i, så kontakta vi raskt dei som styrer og opererer kamera på vegner av oss. Vi ville slette dette så fort vi kunne.

Dessverre så gjekk det for lang tid før filmen vart sletta. Forklaringa er uheldig samantreff med teknikarar som var på ferie og problem med å få komme inn i systema og slette filmen raskt nok. Dermed så vart filmen liggande ute i tre timar. Det var alt for lenge, dessverre.

Mange har stor glede av å bruke livekamera til mykje. Våre kamera er mykje besøkt. Utfordringa med slike kamera er personvern opp mot ulukker og når det skjer hendingar som handlar om liv og helse. Og etter det som har skjedd denne veka så vurderer vi no om det er rett å ha slike kamera.

Når Fjordenes Tidende er medeigar i eit slikt kamera som publiserer live alt som skjer, så er eg som ansvarleg redaktør ansvarleg for det som blir publisert. Difor må eg beklage det som skjedde måndag, at ei tragisk hending blei publisert live og at vi ikkje fekk sletta opptaket frå dette livekameraet fort nok. Vi har allereie hatt møter med dei som styrer våre kamera slik at vi kan ha ein beredskap der vi kan unngå at dette skjer.

I etterkant av hendinga måndag har nokon gjort private opptak av filmen på Fjordenes Tidende sitt kamera. Dei har delt denne hendinga på sosiale media. Det beklagar vi sterkt. Her er det nok nokon som ikkje har tenkt langt nok. Det startar gjerne med at ein deler ein slik film med to-tre nære vener, og at dei gjer det same med sine vener som igjen gjer det med nye vener og brått er slike filmar i fri flyt.

Eg håpar at dei som deler og publiserer ulukker og tragiske hendingar tenker seg om kva det kan gjere med dei som står midt oppe i den vanskeleg tragedien det er å miste ein nær familiemedlem, ein nær slektning, ein ven eller ein arbeidskamerat. Eg håpar vi alle tenker oss om og er varsame når det skjer tragediar. Vær-varsam-plakaten bør gjelde for alle. Tenk på at dei som står midt i ei tung sorg kan få det endå tyngre med å vite at slike tragediar blir publisert på verdas størst sosiale kanalar. Vi treng ikkje å dele alt alltid. Tenk gjerne på om det var nokon av dine kjære. Korleis ville du ha reagert? Vi som vaksne må tenke oss om. Vi må vere gode førebilete og vere varsame.

Igjen beklagar eg at eit livekamera som Fjordenes Tidende er medeigar i fanga opp og delte det som skjedde. Eg beklagar også at kopiar av vår film er delt på sosiale media.