Denne julekommentaren er skriven av Jarl Wåge.

Det her må du love å ikkje seie til nokon. Eg har ei hemmeleg last. Ja, eigentleg har eg hatt ho i eit par år. Eg er hekta på overromantiske, sukkersøte, klissete amerikanske julefilmar.

I det kalenderen bikkar november, startar julefilmfestivalen i mi eiga stove. Ein film kvar dag. Minst. To tv-kanalar serverer juleklisset. Og når eg ikkje orkar reklame (det orkar eg nesten ikkje), saumfer eg Netflix som òg har eit raust utval av ny «guilty pleasure» som det heiter i julefilmland.

Eg kallar det forresten for forsking og djupdykk i sjela til denne filmsjangeren så folk ikkje skal tru at det har rakna fullstendig for denne gamlisen. Skjønt djupdykk; det er å ta i. Og sjel?

Jarl er glad i jula. Foto: Tommy Ellingsen

Eg må byrje med å snakke om slutten. Så «spoiler alert. Dei som ikkje vil vite korleis filmane endar, må lukke auga ei lita stund. Alle, absolutt alle, amerikanske julefilmar endar godt og sluttar med at dei to hovudpersonane kysser kvarandre. På mirakuløst vis byrjar det å snø akkurat i det leppene deira møtest. Ein sjeldan gong snør det ikkje. I alle fall ikkje om kysset inntreff innomhus. Då er det alltid mykje folk som er vitne til kyssinga (ofte klappar dei). Eg har også sett kyss i fullmåneskin (2), medan tusenvis av stjerner blinkar (2), i solnedgang (1) og i nordlys (1).

Eg er forresten lite imponert over kysseferdigheitene. Det er lite tunge involvert. Meir munn til munn. Uskuldsreint Barbie og Ken-aktig. Tekkeleg tilpassa amerikanske famileverdiar så ikkje sjåarane skal setje eggnoggen i halsen.

Hovudpersonane er alltid kvite, forholdsvis unge, heterofile og over gjennomsnittet vakre. Det kan sjå ut som om dei er dyrka fram på ein julefilmhovudpersonplantasje i Minnesota, for dei ser på merkeleg vis nesten heilt like ut.

Ein av dei bur i ein liten, avsidesliggjande, pittoresk by. Ein slags Christmasville viden kjend for si hjartevarme julestemning. Der lever hen eit nokså trist og einsamt liv og drøymer om å reise sin veg så snart det byr seg eit høve.

Ein vakker dag, i god tid før jul, kjem den andre hovudpersonen dit. Frå ein eller annan storby der hen lever eit hektisk liv og har stor suksess i eit digert, internasjonalt konsern. No treng hen å komme seg bort frå rotteracet før hen blir ramma av myalgisk encefalomyelitt eller eit anna akutt utmattingssyndrom.

«Kvifor akkurat Christmasville?» spør du kanskje (eller kanskje ikkje). Fordi ei aldrande tante bur der. Eller kanskje mora, som er død, var der då ho var ung og fekk oppleve det ultimate juleeventyret.

Mora til ein av hovudpersonane, som oftast dama, er død. Motparten har som regel opplevd at kjærasten gjennom mange år svikta han til fordel for bestekameraten. Dette gjev filmen eit islett av tristesse, og vi tar oss i å ønskje alt godt for dei stakkars, av lagnaden akk så hardt ramma.

Dei fyrste møta mellom dei endar sjeldan godt. Han køyrer over kofferten hennar som på tilfeldig vis trillar ut i gata rett føre bilen hans. Ho kjem seglande inn på himmelhøge hælar (ho glir aldri, same kor glatt det er) og klarer ikkje å ta inn sjølve essensen av julebyen. Den eine vil ikkje, ønskjer ikkje, liker ikkje å feire jul. Eller har ikkje tid til romantisk tull fordi hen har større og viktigare saker å bruke energien på.

Nokre gongar er jula avlyst fordi ei eller anna katastrofe har tatt energien frå innbyggjarane. Det kan vere at ein flaum har øydelagt næringsgrunnlaget. At julestæsjlageret har brent ned til grunnen eller at sjølvaste Mr. eller Ms jul har døydd på tragisk vis og byen difor har gått i julestå.

Blant bipersonane er det, på politisk korrekt vis, minst ein mørkhuda person. Ein kollega, ein ven, ein assistent, ein kafé-eigar som serverer verdas beste julekaker. I ein av filmane er han pinadø homofil og gift med presten i byen. Ja, eg sa presten! Dei er pappaer til ei lita jente og dansar til og med saman på torget i full offentlegheit (tekkeleg sjølvsagt) då julefeiringa, som eigentleg er avlyst, står opp frå ruinane takka vere iherdig innsats frå hovudpersonen som kom og blei julas frelsar (Unnskyld ei altfor lang og innfløkt setning. (Unnskyld alle parentesane òg, forresten.)).

Etter kvart endrar stemninga mellom hovudpersonane seg. Eit forsiktig smil. Augekontakt. Klapp på skulera. Eit nesten kyss. Vi forstår teikninga. Det har oppstått søt julemusikk mellom dei. Men aldri utan motstand. Ein eks som dukkar opp. Ei fatal misforståing. Ei vond stemor.

Vi som bivånar det heile, blir nesten juleoverdoserte. Christmasville er så hinsides dekorert, så skinande og glitrande at juletunnelen og julebyen Måløy berre kan gå heim og leggje seg.

Det heile filmen har bygd seg opp imot, julekysset, kan endeleg skje. I det dei omfamnar kvarandre, byrjar snøfnugg å dale ned, og kyssinga er i gang. Gjerne medan halve byen smilande applauderer.

Eg sluttar her. Midt i eit kyss, for å seie det sånn. Resultatet av forskinga mi blir publisert i Fjordenes Tidende ut på nyåret. Ja, altså, om jula ikkje varer heilt til påske, då.

Riktig god jul.