I kvar fredagsutgåve av Fjordenes Tidende intervjuar vi personar med aktuelle arrangement i Fort Sagt-spalta.

Denne gongen er det Reidun Øvrebotten som blir intervjua om sigarboksgitarkurset, som blir arrangert laurdag 17. oktober på Kulturhuset Heimen i Bremanger kommune.

  • Har du eit arrangement du meiner vi bør skrive om? Tips oss på fjt@fjt.no!

– Korleis kom ideen om sigarboksgitarkurs?

– Kurset i sigarboksgitar med Vegard Hjertholm frå Sandane blei til idet eg såg han reklamerte for verksemda si på Facebook. Dette er ein aktivitet med lang historie i USA og han har stor fascinasjon både for instrumentet og lyden. I tillegg blir det historietime og felles utprøving av ferdig instrument. Her er det ope for publikum å komme til kafe Aletta i Heimen.

– Bør ein ha noko forkunnskap for å delta?

– Det er ikkje nødvendig med forkunnskapar for å delta på kurset, men du må vere i stand til traktere ulike verktøy med god hjelp. Alt som trengst er tilrettelagt på kurset. Du lagar din eigen gitar på fire timar.

– Kva anna skjer på Kulturhuset Heimen denne hausten?

– Husa frå Grotle står no i Galleri Dorthea og skal brukast som del av scenografien til oppsettinga Der båra bryt. No er vi i full sving med dette arbeidet som vil ha premiere på Grotlesanden i april 2016. Det vil nok bli ein del kostymesying på verkstaden i Heimen utover vinteren. Elles er planen å arrangere fleire intimkonsertar i kafe Aletta utover. I byrjinga av november kjem Good time Charlie med plateslepp for dei minste. Elles er det vel berre fantasien og folk si godvilje (og tid) som set grenser for kva vi kan drive med i Bremanger. Kulturhuset Heimen har bra lokalitetar og mange moglegheiter for sosiale aktivitetar. Eg er med på det meste, så det er berre å ta kontakt om folk har innspel og idear.

– Korleis har det gått sidan opninga?

– Det har vore ope i helgane og besøket har vore bra både i kafe Aletta og på «Minne om Maria». Folk har også vore interessert i Brudepynten frå Ryland. Mange besøkjande har også bidratt med nyttig og utfyllande informasjon til det kulturhistoriske materialet. Eg er kjempeglad for det! Samarbeidet med Knutholmen om guida turar for grupper har også vore kjempetriveleg! Det har vore ein aktiv sommar i Kulturhuset Heimen.

– Blir det fleire kurs framover?

– Eg håper å få i gang kurs i redesign etter haustferien om vi får samla nok folk.