No er alle artistane klare

Kultur

Tysdag kveld slapp Malakoff Rockfestival programmet til årets festival. Iggy Pop, Yelawolf, Gojira, Gogol Bordello, Kvelertak, Sivert Høyem, OnklP & De Fjerne Slektningene og Vintage Trouble er headlinarar.

– Her er det utruleg mykje livesnadder, og det er definitivt det mest spennande og typete artistprogrammet i Malakoff-historia, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Tidlegare har festivalen slept artistane Iggy Pop, Gogol Bordello, Yelawolf, Gojira, OnklP & De fjerne slektningen, Vintage Trouble, Cancer Bats, Odd Nordstoga og Kakkmaddafakka.

I kveld supplerte dei programmet med desse artistane:


Malakoff ute med nytt artistslepp

– Ein av dei mest markante og særprega rapparene.

Matoma (elektrisk)

– Den siste tida har ei varm bølgje av tropiske tonar vaska over kloden vår. På toppen av den elektroniske bølgja sørfar ein 25 år gamal kar frå Hedmark med artistnamn Matoma. Matoma har på kort tid fått høg og velfortent status i musikklandskapet og blitt ein heidundrande hitmakar og liveartist, skriv Malakoff Rockfestival.

Matoma har gigantiske hits med 110 millionar streamingar og låtproduksjon i lag med Jennifer Lopez og Jason Derulo.

Gabrielle (electropop)

– Dette er rå kvalitetspop frå ei sterk dame som har trakka opp ny sti i musikknoreg, og som framleis susar framover i ei forrykande fart. I dag er ho ein radioaktiv og fantastisk liveartist som har arbeidd seg opp til ein solid og velfortent topposisjon i landet i sin sjanger, skriv festivalen.

Sivert Høyem (rock)

Sivert Høyem har tidlegare vitja Malakoff Rockfestival, og vil no, som då, levere nære og kjære solosongar, pluss eit par av dei beste frå Madrugada.

- Dette vert både stemningslada og storarta, skriv festivalleiinga om Høyem.

Kvelertak (metal)

– Så hardt, så presist og så musikalsk! Kvelertak er tilbake med ny musikk i sekken og tek sjølvsagt turen tilbake til Malakoff, skriv festivalen, og legg til:

– Når Kvelertak inntek scenegolvet er éin ting sikkert; Ei mektig musikkoppleving er i anmarsj. Det vert atter ein gong sveitt stemning på Malakoff når ugla tek over sommarnatta og flaksar av garde med rockehjarta våre.

The Good the Bad and the Zugly (punkrock)

Gruppa frå Hadeland var i 2015 spellemannsnominert, og ifølgje festivalen kan ein vente seg den aller mest energiske konserten under heile festivalen frå bandet.

Baskery (Banjopunk/bluesrock/singer-songwriter)

Dei svenske søstrene Greta, Stella og Sunniva Bondesson utgjer den rocka trioen Baskery – eit band som har turnert med Robbie Williams og lagt store delar av verda under sine rytmiske cowboyboots.


Slik blir årets Malakoff-festival

Arrangørene vil kombinere rock, reise og friluftsliv.

Tiebreaker (Bluesrock)

– Av og til kjem ein over band som minnar ein på kvifor ein først forelska seg i rock’n’roll. Nokon som briljerer i produksjonen og serverer reinspikka, spennande rock av prima kvalitet. Tiebreaker er nettopp eit slikt band og dei gjer det berre så herleg riktig, skriv Malakoff Rockfestival om Tiebreaker.

Hjerteslag (Rock/punk)

Bandet spelar norsk rock på norsk, og er ifølgje festivalen Bergen sitt svar på Oslo Ess.

– Akkurat sånn det skal gjerast: Ukomplisert og samstundes fantastisk, med brutalt ærlige tekstar, sjingrande gitar og punkete basslinjer, skriv festivalen.

Bendik (Pop/rock)

Artisten med det noko spesielle bandnamnet vart først kjent via Urørt-finalen i 2011.

– Kombinasjonen av sårheit og sinne gjer Bendik til ei sterk oppleving. Dette er eit friskt pust i musikknoreg og vi ser fram til ein konsert beståande av beundring, frysningar og truleg litt klump i halsen, skriv Malakoff.

Vreid (Black metal)

Bandet starta i ein møkakjellar i fjøsen i Sogndal. I dag turnerer dei i store delar av verda, og skal ifølgje festivalen som det beste metalbandet i Sogn og Fjordane endeleg spele på Malakoff.

Lovespeak (Retro-elektronisk-feelgood-pop)

– Lovespeake er den nye supergruppa av gjengen bak Eye Emma Jedi. Det glovarme bandet er eit unikum i noregs- og verdssamanheng, med eksepsjonell feelgood og musikalsk høgproduksjon. Lovespeake fyller popmotoren med ein heil drøss favorittsjangrar, og ut kjem energirike, catchy hits fulle av dansbar rytme og groove, skriv festivalen.


Vil ha lokale artistar på scena

Festivalsjefen håper å kunne oppdage nye musikktalent.

Aleks Grey (Pop/rock)

Med ei rekkje godt mottekne singelutgjevingar, internasjonal merksemd og ein veksande låtkatalog, har ein ung og lokal musikar raskt markert seg som ein stadiumrockar og liveartist.

– Vi ser fram til å sjå den lokale guten Aleks Grey på Malakoffscena framfor høge hender og eit korande publikum. Dette blir kanon, skriv festivalleiinga.

The Dogs (Rock)

Bandet spelte i amfiet under festivalen i fjor, og no har dei blitt invitert tilbake for å spele i klubblokalet Gymmen.

– Det er skittent. Det er svett. Det er Kristopher Schau og røvarbanden hans av dyktige og ville musikerkjeltringar, skriv Malakoff Rockfestival.

Yuma Sum (Atmosfærisk rock/flok)

Festivalleinga skriv i si pressemelding at det blir musikalsk ragnarock på under festivalen når Yuma Sum entrar scena.

–Ta plass framfor scena medan verda vert slukt heil. Kveldens underhaldning medan jordskorpa opnar seg og flammane dansar kring oss er Yuma Sun!

Tina Refsnes (Folk)

Tina, som kjem frå kystbyen Florø, spelte på Øyafestivalen i fjor. Sidan då har ho gjeve ut eit kritikerrost album, blitt A-lista i NRKP1 og gjort ei mengde med store og små konsertar.

– Med terningkast fem frå Dagsavisen, speling på BBC og strålande omtale frå mellom anna Clash Magazine er Refsnes ein vi klart kan glede oss til å høyre meir frå, skriv festivalen.

NRWY (Rock)

Sogn og Fjordane-bandet er i år tilbake med sitt andre album, og haustar også denne gongen ros frå platemeldarane. Musikknyheter.no er blant dei som har gjeve albumet Not Now 8/10 poeng.

Kjartan Luritzen (Rap)

Kjartan Lauritzen er ein 20 år gammel rapper fra Balestrand, no busett i Bergen. Han dukka opp seint i 2014, og var ein av artistane som Dagens Næringsliv tok med i saka om den nye rapbølga i Bergen.

– Kjartan Lauritzen leverer eksplosive, energiske og underhaldande liveshows som er lite sjølvhøgtidelige.


Michael Kildal (Rap)

Michael Andrè Kildal frå Florø er rapperen som kom til finalen i Norske talenter i fjor, og vart overstrømma av ros frå dommarane etter å ha framført ein rap til si døde venninne.

I See Rivers (Folk/pop)

– Med fengande melodiar og utradisjonelle harmoniar skapar trioen eit lydlandskap dei kallar «float folk.» Dei tre jentene i bandet studerer for tida på Lipa i Liverpool, og skal i vår ut på ein større turne i England og Skotland saman med Newton Faulkner. Eline Brun er frå Luster og gler seg til å ta bandet til heimfylket for å spele på SommarLutt under Malakoff, skriv festivalleiinga.

Indigo Child (Pop)

Indigo Child er ei popgruppe beståande av kulturskuleungdomar frå Nordfjordeid, som skriv og komponerar eigne låtar. Inspirasjonen tek dei frå artistar som t.d Highasakite og Susanne Sundfør.

– Dette er ein gjeng med eit stort musikalsk potensiale, og dei gler seg veldig til å spele NRK sommarlutt  2016, skriv Malakoff Rockfestival.