– Når eg kjem hit blir eg slått i bakken kvar gong, seier Helene Bøksle etter konsertar med St. Hallvard-gutane i Rugsund kyrkje torsdag og Sør-Vågsøy kirke fredag.

Sjølv om Bøksle har hatt konsertar i Nordfjord før, fortel ho at ho let seg begeistre like mykje kvar gong.

– Det er så mange vidunderlege menneske her, seier ho.

Ho legg til at også naturen er fascinerande.

– For meg som kjem frå sjø og skjær er det heilt overveldande. Eg føler meg som ein japansk turist kvar gong eg tek opp kamera, smiler sørlendingen.

Fire konsertar

I forbindelse med Seljumannamessa søndag speler ho fire konsertar. Den første var torsdag i Rugsund, der ho og St. Hallvardguttene song for fullsett kyrkje.

– Det var ei musikalsk oppleving. Nydelege tonar fylte rommet, og gav publikum ei sterk musikalsk oppleving, seier Siri Kolseth i Rugsund sokneråd, som forklarer at det var Roald Halsør, «eldsjel» og leiar for Seljumannamessa, som koordinerte og la til rette for at den første konserten vart gjennomført i Rugsund.

Lokale krefter bidrog òg med praktisk hjelp undervegs.

– Rundt 200 menneske hadde funne vegen til Rugsund kyrkje. Trass i lang og travel reise for både liten og stor, leverte St. Hallvardguttene ein imponerande konsert av høg kvalitet. Dei var alle kledd i munkekapper, som symboliserer samhald, veiledigheit og solidaritet, og delar av repertoaret deira har forankring i katolsk kyrkjetradisjon frå mellomalderen. I samarbeid med Helene Bøksle si særprega og klokkeklare stemme, tok dei publikum med på ei nydeleg musikalsk reise, gjennom eit variert program. Ståande applaus etter konserten frå eit svært fornøgd publikum var vel fortent! seier Kolseth.

Ein draum

Bøksdal seier at ein turné i Nordfjord lenge har vore ein draum.

– Det er så kjekt, og eg gruar meg allereie til det er ferdig, seier ho.

Bak alle songane på programmet var det ei historie.

– Songane er nøye plukka ut, og eg håpar at eg klarar å formidle historiene bak slik at eg treff publikum, fortalde ho etter å ha fått ståande applaus også frå vågsøypublikummet fleire gongar.