Samlar Nordfjord under ein profil:

Ho har spennande planar for turisme

– Turistnæringa i Nordfjord er ei betydeleg næring, som gjev ringverknader langt ut over reiselivet og fører til verdiskaping og overrislingseffektar for andre næringar, seier Marita Lindvik. Arkivfoto 

Kultur

Lanseringa av den nye visuelle profilen til Visit Nordfjord skjer 8. september i Operahuset på Nordfjordeid.

– Føremålet er å ta ein sterkare marknadsposisjon i norsk reiseliv nasjonalt og internasjonalt, samt styrke Nordfjord som bu- og arbeidsregion, og auke overrislingseffektane til andre næringar, seier Marita Lindvik, dagleg leiar i Visit Nordfjord.

Ho oppmodar innbyggjarane, handels- og servicenæringa, reiselivsbedrifter og anna næring til å delta på ein inspirerande ettermiddag som forutan gode tankar om eit spanande samarbeid også inneheld underhaldning, lokal mat og drikke.

– Arne Hjeltnes, i tillegg til lokale kjente personar, vil lose oss gjennom ein spanande septemberkveld, seier Lindvik og legg til:

– Creuna sitt team med Arne Hjeltnes i spissen, har saman med ei breitt samansett gruppe med engasjerte nordfjordingar jobba fram ein felles profil, som skal gje Nordfjord ein klar og særeigen identitet tufta på våre fortrinn. Ei felles merkevare skal bidra til å skape engasjement, entusiasme og ein felles kultur hos reiselivsbedriftene og næringslivet elles, og for å lukkast må regionen stå samla, seier Lindvik.