Skodespelar og manusforfattar Ane Barmen frå Vågsvåg svingar seg både framføre og bak kamera i Hotel Cæsar.

– Eg har vore med i ni-ti episodar. Det er berre ei smårolle, og eg synest det er heilt greitt, seier Barmen.

Og som både manusforfattar og skodespelar har det hendt at ho har måtte spele i sine eigne episodar.

Ho er usikker på om ho kjem til å dukke opp på TV-skjermen fleire gongar denne hausten.

– Det veit eg ikkje enno. Vi får sjå, seier Barmen.

Det er den lengstlevande såpeserien i Skandinavia gjennom tidene, ifølgje imdb.com.