Med far frå Heggjabygda i Eid og mor frå Lillestøl i Hornindal var det naturleg for Rolf Melheim å skrive bok om utviklinga i dei to Nordfjord-kommunane frå 1850 til i dag.

– Nordfjord har eigentleg betydd svært mykje for meg, og eg er der framleis om sommaren og i tankane, skriv Rolf Melheim sjølv i boka Gamle Eid og Hornindal gitt ut på Selja Forlag nyleg.

Boka gir eit omfattande innblikk i bygdehistoria og vert delt inn i oversiktlege kapittel som tek for seg folket, landbruket, høgtider, tradisjonar, skule, kyrkja, helse, utbygging av kommunikasjonar og mykje meir.

For forfattaren har det vore eit mål å presentere fortida mest muleg levande og truverdig. Derfor har han fleire stader i boka brukt sitatform slik at lokalbefolkninga sine historier blir gjengitt akkurat slik som dei i si tid blei fortalde og skrivne ned.

– Manuset er både ei historisk vandring og ei oppslagsbok om desse bygdene, skriv Paul O. Tomasgard som har vore Selja Forlag sin konsulent på boka.

Rolf Melheim jobbar ved Institutt for Lærerutdanning og skoleforskning ved Universitet i Oslo.