Aina har i alle år latt seg inspirere av og måla musikken til Sølvi. No drøymer dei om eit utvida kunstnarisk samarbeid.

– Songane hennar er så billedlege. Eg ser bilda føre meg når eg høyrer musikken, seier Aina Moldskred Krakset om musikken til Sølvi Hopland Aemmer.

Aina fortel at ho alltid har vore glad i Sølvi sine tekstar.

– Eg har malt tekstane hennar i veldig mange år.

– Det synest eg var veldig stas. Å sjå bilda mine på eit cd-cover, eg vart veldig kry, smiler Aina.

– Det er ei ære, det er veldig kjekt, seier Sølvi Hopland Aemmer.

Dei to kunstnarsjelene driv med kvar sine prosjekt som tek mykje tid. Aina driv Hakallegarden og Sølvi driv Ulvesund fyr. Det blir dermed ikkje så mykje tid til overs for song og måling.

– Vi har det travelt begge to, seier Sølvi, og legg til at ho likevel har blitt inspirert når ho i år har laga samleplatene sine.

– Då ser eg at eg har gjort ein del. Eg har ikkje lyst å stoppe, seier ho.

Aina har også eit mål om å få meir tid til hobbyen.

– Målet mitt er å få rydde plass til å måle meir.

Ho har vore kreativ heile livet.

– Eg tenker at når du har fått ei gåve, eller eit talent, så skal du bruke det. Om det er å mekke bil, synge eller kva talent du har, så tenker eg at ein skal bruke det.

Dei to kunstnariske sjelene møttest gjennom felles kjenningar, fann tonen og har kjend kvarandre i fleire år. Lenge har dei også snakka om eit felles kunstprosjekt.

– Vi har potensial til å gjere meir i lag, men tenker at ting hastar ikkje, legg Sølvi til.

– Eg synest det er godt å kjenne andre som er fargeglade. Når ein møter andre som også er glad i å setje i gang prosjekt som mange andre kanskje ikkje gjer, og likar dei same fargane, då føler ein seg litt normal, smiler Sølvi Hopland Aemmer.