– Det var ein variert konsert med mykje forskjellig, seier leiar for koret Inger O. Furnes.

Det mangla ikkje på syngande gjester som ville delta under konserten, og Furnes meiner nokre av høgdepunkta kom med dei aller yngste.

– Det var utruleg fint då Linea Helgestad song A Holy Night. Og då Bernard Hagen spelte Måneskinnssonaten av Beethoven på piano, var det rett og slett vakkert, seier ho.

Andre songarar ein fekk høyre var Karoline Kvalheim Myre som song A Cradle in Betlehem. I tillegg fekk ein høyre Sølvi Hopland Aemmer med sin eigen julesong Kom og sjå, akkompagnert av to brør, Ole og Lars Helge Hopland.

Skram og Raudeberg skulekorps spelte også under konserten, og drog like godt til med tre julesongar.

– Då vi snakka med korpset, sa vi at dei kunne spele akkurat det dei ville. Vi tok gjerne ein marsj, vi. Det viktigaste var at dei var der. Men så spelte dei jo tre flotte julesongar, seier Furnes, som er glad for at sjå at medlemstalet i korpset aukar.

Gamalt arrangement

For songlaget er det viktig å treffe publikum, og dei legg opp til eit blanda repertoar av nytt og gamalt.

– Ein del av den eldre garde kom etterpå og sa at dei hadde likt konserten veldig godt, og trekte spesielt fram Kvalheim Songlag sin versjon av Glade Jul. Vi song den i eit gamalt arrangement, som har vore brukt gjennom fleire år, og gjerne sunge på julaftan. No var det lenge sidan sist, så vi tok den fram igjen. Og det blei sett pris på, smiler Furnes.

I andre enden av skalaen fekk også Bjørn Eidsvåg sin julesong I en natt gode tilbakemeldingar.

137 betalande gjester fekk med seg julekonserten til songlaget.

– Det kunne gjerne vore fleire, men det var jo eit himla vêr. Så med tanke på det er vi godt fornøgde, seier Furnes.

Sjølve songlaget tel per i dag 20 medlemmer. Under konserten var dei 18 med dirigent Leif Arne Berg. Furnes ønskjer fleire hjarteleg velkomne.

– Vi er alltid opne for nye medlemmer. Vi likar å synge tradisjonell kormusikk, og mykje a capella, seier ho.