Opplevingane står i kø for våre nye superstjerner. I slutten av november og heile desember har dei vore med på NRK sin juleturné. Her har dei hatt show, ikkje berre med vinnarsongen Vestlandet, men også med andre julesongar. Overalt syng dei for fulle hus.

– Det største på turnèen var kanskje å synge i Oslo Konserthus, der vi møtte alle dei andre finalistane, og så å synge i Grieghallen. Det var så stort, og det har vi kjent litt på, seier Anna.

15. desember var dei ein rask tur heimom Eid, fekk møte vener og synge for eit overraska Eid kommunestyre.

– Det var kjekt å kome heimom ein tur, seier Anna, som rakk peparkakepynting saman med familien.

Stor dag: Det var både latter og tårer då Anna og Vilde vann MGPjr.

Og ho har insistert på at juletreet ikkje skal pyntast før dei kjem heim frå turné vesle julaftan.

21 stadar

Då har dei også vore ein tur i Nord-Norge, og til Oslo igjen for å vere med på «Kvelden før kvelden» på NRK. Vilde og Anna kan også sjåast i tv-ruta i NRK sitt program «Julemorgon» 5. juledag.

21 stadar frå sør til nord er besøkt under juleturneen, der det fleire stadar har vore dobbeltkonsertar, slik som i Oslo Konserthus med 2 gongar 1.700 publikummarar.

– Det har blitt litt autografskriving, innrømmer Vilde.

Heldige

Jentene er veldig klare på at dei er frykteleg heldige som får oppleve alt det dei no gjer. Hanne Krogh møtte dei på Sunnfjord Hotell, og ho gav dei råd om at dei må skrive dagbok om alt, fordi det er så fint å kunne sjå tilbake på seinare, fortel mamma Hege Lillestøl Naustdal.

Livet er for ein periode snudd på hovudet for familiane Hjelle og Naustdal. Pappa Arnt-Ivar har vore med på heile juleturneen, medan pappa Tore har vore med ein del.

– Vi var i Vestlandet si storstove Grieghallen for å oppleve dei der, og det var rørande og sterkt for resten av familien. Også for oss foreldre er det uverkeleg det som no skjer, og det var rått, fantastisk og rørande at 400 eidarar tok turen til Oslo då dei vann. Brølet bak oss var enormt då dei vart ropt opp som vinnarar, smiler mamma Hege.

Vanlege

– Jentene fiksar dette fint, men det er ein vanvittig pågang, og vi har ein jobb med å ta vare på dei, seier pappa Arnt-Ivar Naustdal.

Det blir ein del forpliktingar ein må vere med på når ein vinn Melodi Grand Prix junior, men etter at juleturneen no snart er over, skal jentene ha fri frå heile viraken i januar. Då skal dei leve som normalt heime i Eid, og så skal det diskuterast kva som så skjer vidare.

Vinnarsongen Vestlandet har av mange vorte karakterisert som den nye nasjonalsongen for nettopp Vestlandet.

«Over eit fjell, gjennom ein tunnel, over ei bru og der bur du…» er no lasta ned over ein million gongar på Spotify.

– Det er eit enorm tal, seier Arnt-Ivar, som innrømmer det er kjekke ting jentene no får oppleve.

– Og opp i det heile skal dei vere vanlege 12- og 13-åringar.Jentene sjølv knisar fint når dei får spørsmål om korleis det går når dei lever så opp i kvarandre som no.

– Vi smådiskuterer og småkranglar innimellom, men vi blir ikkje lei av kvarandre. Det vi opplever er så kjekt, seier dei.