Johnny Sælemyr er dirigent for Flora-Bremanger Brassband, som inviterer til nyttårskonsert i Svelgen samfunnshus 7. januar. Han vart intervjua i vår Fort sagt-spalte torsdag 29. desember:

Namn: Johnny Sælemyr Alder: cirka 50 kan ein seie Adresse: FlorøYrke: dirigent og sal- og logistikksjefHobby: kokkelering. Dirigering er både yrke og hobby Aktuell med: Flora-Bremanger Brassband inviterer til nyttårskonsert i Svelgen samfunnshus laurdag 7. januar.

– Korleis blir nyttårskonserten?– Nei, korleis skal ein sette ord på det? Det blir eit flott program og vi gler oss veldig. Og ikkje minst ønskjer vi å gje folk ein god start på det nye året. Flora-Bremanger Brassband har jo eigentleg eit sterkt innslag av Svelgen sine stjerner med i konserten.

– Ja, for brassbandet har fått med seg fleire gjestar?– Ja, Annika Bremnes og Janne Linn Myren er med som solistar. Dei skal syngje songen To all the Girls I've loved before, som i anledninga er døypt til To all the men I've loved before. Dei er Svelgen sine velkjende gullstrupar. Svelgen Songlag er òg med, og saman skal vi framføre eit mektig stykke. Og så har vi Under the boardwalk, der vi har med tre solistar på flygelhorn frå Flora-Bremanger Brassband, Svelgen skulemusikkorps og Florø skulemusikkorps. Så vil Svelgen songlag ha eit innslag aleine, Svelgen skulemusikk ha nokre innslag aleine og sjølvsagt så skal Flora-Bremanger ha si eiga avdeling.

– Korleis er det å spele i Svelgen?– Å spele nyttårskonserten i Svelgen gir alltid ein ekstra utfordring. Det er eit musikalsk og kunstnerisk publikum, eit kvalitetspublikum rett og slett, som eg har stor respekt for. Dei veit å sette pris på god musikk. Det er alltid utruleg inspirerande å spele i Svelgen.

– Denne nyttårskonserten er vel blitt ein årleg tradisjon for brassbandet?– Ja, og noko som vi gler oss veldig til. Samtidig er det litt starten av køyret mot NM. I februar står vi på scena i Grieghallen. Så no får vi cirka ein månad på å køyre oss opp mot meisterskapen.

– Har de byrja å øve til NM?– Vi er ikkje eit brassband som samlast kvar veke, så øvingane startar først no. Nokre av musikantane våre er studentar og bur andre stader. Derfor er det mest på helgebasis at vi får førebudd oss. Det set krav til musikarane om å gjere jobben sin, men dei er svært ivrige og flinke. Så vi satsar på at vi skal få det resultatet vi ønskjer under NM, trass i at vi berre øver på helgebasis. Dei andre korpsa har jo eit fortrinn der, medan vi har ei ekstra utfordring. Vi får berre vente og sjå korleis det går.