– Det var veldig upraktisk, legg han til.

Til vanleg bur og arbeider Barmen i Oslo, der han held matkurs for hobbykokkar. Tidlegare har han både gitt ut kokebøker og arbeidd som kokk over store delar av verda.

– Eg har alltid hatt mykje planer, men no har eg ein litt rolegare periode, fortel han.

– Eg har alt skrive åtte bøker, og har jobba på alle kontinent i verda utanom i Australia og New Zealand, så eg føler ikkje at noko hastar, seier han.

Liknar Farmen

Om somrane likar han å reise heim til Barmen og vere på småbruket som han eig der.

– Eg er som regel på Barmen kvar sommar. På småbruket er det straum, men ikkje innlagt vatn, og det er ikkje skikkeleg veg opp. Men det er veldig kjekt å ha, og ein får respekt for dei som budde der før, som ikkje hadde noko val, fortel han.

– Det er ein stad mellom 71 grader nord og Farmen, ler han.

– Ein kjem i utruleg god form av å vere der, ved å vere mykje ute i naturen utan å tenkje over at ein faktisk er det. Det er veldig bratt, og eg padlar mellom anna i kajakk, surfar og dykkar når eg er der. Småbruket har så mykje utstyr at det nesten er som ein middels god sportsbutikk, smiler han.

Tidlegare realitydeltakar

Barmen er ikkje heilt ukjend med reality-konseptet. Tidlegare har han også vore med i kjendisutgåva av 71 grader nord på TVNorge.

– Det var ei kjempeoppleving. Det overraska meg kor mykje trivelege folk det var og kor knytt vi vart til kvarandre. Vi tyna oss heilt ekstremt, fortel Barmen.

Om realitykonseptet har gitt meirsmak etter Farmen og 71 grader nord er han likevel usikker på.

– Det var noko med Farmen som eg ikkje ville seie nei til då eg fekk prøve å leve som ein gjorde for hundre år sidan. Men Skal vi danse får de aldri sjå meg i, ler han.