Denne helga kunne ein for første gong få sjå byggverket som til slutt skal bli ein kopi av Myklebustskipet. Sagastad-leiinga hadde i utgangspunktet sett eit tak på hundre besøkande, men leiar Solveig Midtbø fortel at det var minst over 130 personar innom opninga.

– Responsen er enorm, både frå born, ungdommar og vaksne. Det er veldig mange som engasjerer seg i prosjektet, fortel ho.

Breitt aldersspenn

Både store og små var på plass for å sjå på vikingskipet, og Ragnhild Karlsen (10) synest det er spennande med historie.

–Vi har lært om Myklebustskipet på skulen, og derfor er det ekstra kjekt. Også er det veldig kult at det er her på Eid det største skipet i Norge har blitt funne! smiler ho.

Joshua Lindvik hadde reist frå Stryn for å studere skipet.

– Eg gler meg til det er sjøsetting, då kjem eg tilbake, fortel ni-åringen.

Planlegg fleire besøk

Stein Roger Hansen og Solveig Løset frå Stårheim var på plass for å sjå på konstruksjonen til skipet.

– Eg er veldig glad i båtar og synest dette er stas, fortel Hansen, og understrekar at det nok blir fleire turar til Eid for å følgje med på byggeprosessen.

Dei to har dessutan stor tru på at Sagastad blir ein viktig turistattraksjon.

– Folk er lei av det overflatiske. Dette er veldig spesielt. Vi trur folk vil sjå meir av slikt.

Har god margin

Dag Inge Bjørkedal er leiar for gjengen som byggar båten, og kunne forsikre dei besøkande om at skipet er ferdig til opning i mai 2019.

– Vi har lagt inn litt margin, men vi er i rute no. Skipet kunne blitt ferdig før, men vi må jo sjølvsagt samkøyre oss med dei andre delane av prosjektet. Dessutan vil vi helst ikkje sjøsete skipet på vinterstid, fortel han.

Bjørkedal forklarar at det er størrelsen som er den største utfordringa med prosjektet, men påpeiker at dette ikkje er så uvanleg frå det dei vanlegvis driv med.

– No går det veldig bra, og sjølv om størrelsen er litt annleis er både materiale og arbeidsmåten akkurat slik vi er vande med, avsluttar han.