I ein video som ligg ute på TV 2, får ein sjå ein smakebit av kveldens program der dei to frilansmusikarane susar rundt i ein golfbil på Gardermoen.

– Dette var ein eindagsgreie. Det er eit klipp der vi køyrer rundt i golfbilar og prøvde å finne personar og situasjonar som kunne fargeleggast musikalsk, med musikk vi hadde på lur, fortel Karin Eckhoff Holsvik.

– Det var ein bra dag på jobb! Vi møtte opp på Gardermoen på morgonen. Karin fekk sitte rett veg, eg satt bak fram, så eg blei litt bilsjuk av det, fortel Julie Falkevik Tungevåg frå Vågsøy.

– Vi sit med kvar vår synth og spelar. Julie sit bak meg og har også litt trommestikker og diverse, fortel Eckhoff Holsvik.

Karin Eckhoff Holsvik (t.v.) frå Vanylven og Julie Falkevik Tungevåg frå Vågsøy hadde ein ekstra kjekk arbeidsdag på Gardermoen for ei tid tilbake, som ein kan sjå på Stian Blipp Show i kveld.

– Vi køyrde rundt og sneik oss innpå folk. Ingenting var planlagt, så vi håpte å finne nokon personar som var stressa, romantiske eller tullete. Eg er spent på klippet sjølv, seier Falkevik Tungevåg.

– Det er sjeldan at to pianistar får moglegheit til å jobbe i lag. Det var veldig kjekt å jobbe i lag, Julie er så god, skryt Eckhoff Holsvik.

Ho legg ikkje skjul på at også ho synest det var ein ekstra kjekk dag på jobb.

– Det er slike dagar eg kjenner at eg elskar jobben min, og så var det gøy å jobbe med Stian Blipp.

I kveld benkar dei seg i lag for å sjå heile programmet på TV.