– Folk snakkar framleis om 1968, seier leiar for Seljumannamessekomiteen Roald Halsør, om sist gong det var kongeleg besøk på Selja.

Rikhaldig program

I 2018 legg komiteen opp til eit storslege program i høve 950-årsjubileet for Selja som eige bispesete.

Invitasjonen fekk kongehuset allereie i fjor, og komiteen vil også invitere den nye kulturministeren.

– Folk er så positive. Biskop Halvor Nordhaug har takka ja. Han gjorde eit veldig godt inntrykk då han var her. Eg trur også at kongefamilien kjem om dei har moglegheit.

Sølvguttene, St. Hallvardguttene, Voice Over, Sunnivafløytistene og Helene Bøksle har også takka ja til å delta neste år.

Fleire konsertar

For eitt års tida sida booka komiteen Fjordly og Holmetun, så overnatting til musikarar og songarar er sikra.

– Det er også eit utruleg fint område om ein skal reise rundt. Vi tenker oss festførestilling i Operahuset til dømes torsdagen. Og så må vi reise rundt i dei ulike kyrkjene på fredagen, og ha Selje-kyrkja som utgangspunkt på laurdagen, og Selja søndagen, seier Halsør.

Det ideelle, synest han, hadde vore å starta konsertane i Bergen, som har bispesetet no, besøkt tusenårsstaden i Eivindvik, ein tur til Førdehuset, og sjølvsagt Operahuset i Eid, som han ser som eit «must».

Konsertane i programmet har fått namnet «Reisa mot Selja». Komiteen har også fått signal om at Sunnivafestivalen kanskje vil bli lagt til same helga.

– Vi må ta i bruk heile kommunen og nabokommunane. Dette er eit arrangement som heile Nordfjord er med på, seier Halsør.