Skyhøg attraksjon

Loen Skylift er ei av dei brattaste pendelbanene i verda, og hadde offisiell opning i mai med sjølvaste H. M. Dronning Sonja til stades. Pendelbanen tek deg frå fjorden i Loen og til toppen av fjellet Hoven 1011 meter over havet. Bana er open dagleg i sesongen fram til 30. september, og går kontinuerleg i opningstidene. Kvar vogn tek 40–45 passasjerar, og ein når toppen av Hoven på mellom 5–7 minutt. Teknologien til pendelbana er basert på vektutlikning mellom dei to store vognene, og anlegget har universell utforming. På toppen kan ein nyte eit måltid i Hoven Restaurant, som ligg på kanten av stupet.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.